"Leve Pinochet,...., sieg heil apartheid"

From: Trond Andresen (trond.andresen@itk.ntnu.no)
Date: 28-07-01


Videresender dette fra Vidar Rekve.

Trond Andresen

***************

Godtfolk,
medlemmer og vener av Attac,

Media internasjonalt bringar dagleg nye opplysningar i kjølvatnet av
hendingane under G8-toppmøtet i Genova 20. og 21. juli. Organisasjonane som
var del av Genova Sosiale Forum, er komne med både ei felles erklæring og
eigne fråsegner. Nedanfor finn de eit bidrag frå Attac Italia, omsett til
norsk via fransk. Fleire dokument (oppsummering, pressemelding &
augevitneskildring) følgjer seinare, anten i eigne meldingar eller som del
av det neste månadsbrevet ("ATTAC-informasjonen" juli 2001).

Bidraget nedanfor, i fransk språkversjon, blei formidla 26. juli til alle
dei rundt 30 Attac-foreiningane verda over.

Beste helsing
Vidar Rekve
informasjonen@attac.org

* * *

"Italia vaknar"?
(Dei første orda i den italienske nasjonalsongen er "Brør av Italia, Italia
vaknar...".)

På dagen for gravferda til Carlo Giuliani, som fredag 20. juli blei drepen
av italienske politisoldatar, er det demokratiske Italia igjen ute på
piazzane i byane for å forsvara fridommen og dei konstitusjonelle rettane og
for å fordømma valden til "ordensstyrkane".

Vi vil slå fast at det som hende i Genova, ikkje er ein ulykkeleg eller
tilfeldig episode i arbeidet med å tryggja offentleg ro og orden under ein
stor folkeleg demonstrasjon. Handlingane til politiet, politisoldatane og
finansgarden (i Italia har jamvel Finansministeriet ein eigen ordensstyrke
med same myndigheit som politiet) er blitt forsvarte utan atterhald av
innanriksminister Claudio Scajola, som insisterer på at operasjonen med å
"avgrensa" demonstrantane og å sikra ei "roleg" avvikling av G8-møtet var
vellykka, eit syn som i dag blir støtta av politisjefen.

Vi minner om at i tillegg til dei "offisielle" 280 arresterte, 231 såra og
Carlo Guilianis lagnad finst det hundrevis av personar som ikkje ønskte å
bli behandla på sjukehus og dermed risikera å bli arresterte utan grunn,
slik vi kvar dag under demonstrasjonane har sett døme på at folk er blitt.

Vidare finst det i skrivande stund, slik det er komme fram etter spørsmål i
Parlamentet (fremja av partia Rifondazione Comunista og Dei Grøne), ein fare
for at mellom 50 og 80 demonstrantar, dei fleste av dei utanlandske, må
reknast som "forsvunne". Dei har ikkje dukka opp etter demonstrasjonane, og
politiet kan ikkje gjera greie for dei. Det som uroar oss alle, er at det
blant desse "forsvunne" kan vera folk som er arresterte og fengsla utan lov
og dom sidan laurdag (slik det skjedde med dei aller fleste som blei
arresterte under G8-møtet i Genova), men framfor alt er vi uroa for at somme
av dei kan ha blitt utsette for så grov vald at styresmaktene helst vil
gøyma dei unna.

Vi ber dykk om å leggja nødvendig press på regjeringa dykkar og på EU for at
borgarrettane, menneskeverdet og dei internasjonale konvensjonane skal bli
respekterte i Italia. Formelle protestar frå regjeringane og den folkelege
opinionen er særs viktige for å stogga overgrepa til Berlusconi-regjeringa.

Amnesty International og Reporterar utan grenser har annonsert ei offisiell
gransking av det som skjedde i Genova, som ifølgje internasjonale
observatørar krev ei fordømming utan vilkår.

Som de allereie veit, så finst det talande vitnesbyrd frå personar som blei
innesperra av politiet. Menn, kvinner, sjuke og jamvel funksjonshemma
menneske blei slått, utskjelte, truga, audmjuka. I Bolzaneto-kasernen (éin
km frå staden der G8-leiarane møttest i Genova) song politisoldatane denne
strofen, som dei ville ha arrestantane til å syngja med på: "Un due tre,
viva Pinochet, quattro cinque sei, a morte gli ebrei, sette otto nove, il
negretto non commuove, sieg heil apartheid" ("1, 2, 3, leve Pinochet, 4, 5,
6, død over jødane, 7, 8, 9, den vesle negeren bryr vi oss ikkje om, sieg
heil apartheid"). Dei hadde rett, Genova var omskapt til Santiago de Chile
under Pinochet. Sjukehusa har i dag fordømt politiet sin bruk av falske
ambulansar, trakasseringa av det akuttmedisinske personalet og forsøka på å
hindra at såra demonstrantar fekk legehjelp.

Dessverre er lista med overgrep endå lengre, altfor lang. Sanninga og
rettferda, som vi både krev og vil medverka til, lèt seg ikkje stansa av
hindringar, korkje frå politiet eller media si side. Vi kjenner oss trygge
på at valdsbruken vil bli fordømd, og at dei ansvarlege må stå til rette for
det som skjedde.

I går, under gravferda til Carlo Giuliani, deltok meir enn 350.000 menneske
i Italia i marsjar og "sitt ned"-demonstrasjonar og stod på informasjonstand
i alle dei italienske byane (ja, absolutt alle!). I Milano gjennomførte meir
enn 100.000 menneske ein symbolsk okkupasjon av byen natt til 24. juli. I
Roma demonstrerte 50.000 menneske for fjerde dag på rad. I enkelte småbyar
som Trieste, La Spezia, Cagliari, Brescia, Cremona og mange andre
demonstrerte tusenvis framfor politikammera. Det var ingen valdstilfelle,
ingen samanstøytar med politiet, ingen steinar som suste gjennom lufta.
Berre eit par ord i taktfaste rop frå demonstrantane: "skam", "mordarar".
Rørsla er fredeleg, valden er mot rørsla. Om nokon tvilte på dette, så har
dei siste dagane heilt fjerna denne tvilen.

Foreldra til Carlo Giuliani har bede alle om å halda fram med å kjempa for
ei anna verd. For ei anna verd er mogleg, utan vald. Dei har bede om at det
blir gitt pengestøtte, til minne om Carlo, til sosiale tiltak som sonen
gjekk inn for.

Genova Sosiale Forum inviterer alle dei lokale samordningsgruppene til å
danna eit sosialt forum i kvar by og å halda fram med å gå vidare på den
vegen som blei gått opp i Genova når det gjeld tema, deltaking, fredelege
aksjonsformer og forslag, og som fører til Det sosiale verdsforumet i Porto
Alegre i 2002.

For ei anna verd er mogleg, i fellesskap.

Claudio Jampaglia
Attac Italia

* * *

Har du tips til "ATTAC-informasjonen"?
Ta kontakt på tlf 22 61 40 81(p) / informasjonen@attac.org
http://attac.org/indexno.htm



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST