Fwd: [Mallagslista] Folkestad om stryk på eksamen

From: Magnus Bernhardsen (magnus.bernhardsen@nm.no)
Date: 24-07-01


I Tønsberg Blad i dag seier Anders Folkestad det som bør seiast om dei
som
ikkje skjøna Fløgstad-teksten til eksamen i vår.
http://www.tonsbergs-blad.no/apps/pbcs.dll/artikkel?Avis=TB&Dato=2001072
4&Kategori=KOMMENTAROGDEBATT&Lopenr=107240032&Ref=AR

Norsk til stryk?

Norskeksamen i vidaregåande skule og den store strykprosenten i år har
vore
eit heitt tema. Frå fleire hald har det kome framlegg om å «bøte
på skaden».

Anders Folkestad, leder i Lærerforbundet
Det normale har vore at to-tre prosent stryk til norskeksamen. I år var
det
om lag sju prosent av dei 35.000 kandidatane som ikkje greidde eksamen.
Dette er på nivå med eksamensresultata i studieretningsfaga, fag som
elevane stort sett har vald sjølve. Det er altså ingen dramatisk
strykprosent i norsk hovudmål. Det er heller grunn til å spørje om
krava
til norskfaget har vore lågare enn i andre fag.
Det er likevel ein spesiell situasjon når strykprosenten blir tredobla
frå
eitt år til neste. Dersom Læringssenteret - som har eksamensansvaret -
bevisst ville skjerpe krava, burde det ha vore varsla både til lærarar
og
elevar, og ikkje først kome til synes på eksamensdagen. I lys av dette
er
det positivt at klagefristen er forlenga til 20. august. Dessutan bør
neste
eksamenstidspunkt framskundast.
Den omstridde eksamensoppgåva var ein ironisk kommentar av Kjartan
Fløgstad
til debatten om sidemålet. Ho var krevjande, men klart innanfor
læreplanen.
Om lag halvparten av kandidatane valde denne oppgåva. Trass i
strykprosenten var det mange elevar som gjorde det godt. Det ville såleis
vere både urett og uklokt å annullere eksamen, slik somme har
foreslått.
Innføringa av fagstilen med Reform 94 vart helsa velkomen av
norsklærarar
fordi dei såg det som ei styrking at alle elevar skulle prøvast i
fagleg
stoff til skriftleg eksamen i norsk. På fagdagen skal elevane vise at dei
kan skrive tekstar om norskfaglege emne. Det kan vere oppgåver som dreiar
seg om forfattarar og litterære periodar, språkhistoriske og andre
språklege emne, analyse av skjønnlitteratur og sakprosatekstar.
Ei av oppgåvene var denne gongen å referere hovudsynet i teksten
«Ikkje
Amerika, men Amerika» av Kjartan Fløgstad og peike på verkemidla
forfattaren brukar. Dei skulle også skrive sin eigen kommentar.
Læreplanen
krev alt på grunnkurset at elevane skal ha kunnskap om
skriftspråksituasjonen i Noreg, kjenne til stilistiske omgrep i
tekstanalyse og dei viktigaste elementa i skriftleg kommunikasjon, mellom
anna allusjonar og ironi. Debatten om sidemål bølgjer i klasseroma, og
dei
fleste kjende då også att argumenta i Fløgstads søramerikanske
forklednad.
Dei som strauk var særleg dei som ikkje hadde lese oppgåveteksten godt
nok,
og som skreiv om geografi. Og når elevar godtek overdrivingar som å
stryke
først Sør-Amerika og så delar av Noreg frå kartet, så det i
staden blir
blått hav i atlaset, har dei truleg ikkje berre lese-problem i
eksamenssituasjonen. Dei som skreiv om sidemålsdebatten, men ikkje
skjønte
ironien, strauk ikkje, viss tekstane deira elles heldt faglege mål. For
å
få ein av dei beste karakterane måtte eleven forstå ironien, og det
må vere
eit rimeleg fagleg krav.
Språklege bilete, allusjonar, ordspel og ironi slår mot ein i
overskrifter
og i reportasjar om politikk, mote og sport, i musikk- og bokmeldingar.
Elevar kjenner ikkje alltid att alle referansane. Det lærarane si
oppgåve å
leie dei inn i dette språklege landskapet og hjelpe dei med trening i å
tolke og forstå det dei les. Til eksamen skal dette prøvast. Elevane
på si
side må iallfall lese oppgåva grundig før dei skriv.
Eksamen er eit av dei mest sentrale verkemidla for å sikre kvalitet i
utdanninga. Slik har det fungert i år også, og slik må det framleis
vere.



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST