Re: Fw: Milosevic Arrest Breaks Ground on International Justice

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 29-06-01


Fri, 29 Jun 2001 01:24:44 +0200
Oddmund Garvik <oddmund@ifrance.com> a écrit:

> From: Human Rights Watch <hrwatchnyc@igc.org>

> (New York, June 28, 2001) Slobodan Milosevic's transfer to the United
> Nations war crimes tribunal is a great triumph for the victims of war
> crimes in the former Yugoslavia and will help solidify the emerging
> system of international justice, Human Rights Watch said today.
>
> Human Rights Watch said the prosecution of a former head of state before
> an international tribunal would create a groundbreaking precedent in
> international law.

På vilkår av at denne blir utvida, og at USA verkeleg gir opp motstanden
mot ein permanent internasjonal domstol som har som mandat å døme ALLE
brotsverk mot menneskerettane.

Den raske og litt uventa overføringa har noko prekært over seg, og er
sjølvsagt eit resultat av nordamerikansk press, og pengar.
Eg er samd i refleksjonane som m.a. KVJ har gjort seg om legitimiteten til
den noverande internasjonale domsstolen i Haag.

Ein kan også stille spørsmål ved prinsippet om å døme (gjera opp) ein
10-års krig gjennom éin mann: Milosevic, sjølv om denne ber eit tungt
ansvar og er ansvarleg for handlingar som fortener straffeforfølgjing.

Det ein ser i Haag førebels er sigerherren sin justis, særleg USA sin. Det
er no opp til alle framstegsvenlege menneske å organisere seg for å krevje
at saka mot Milosevic verkeleg blir byrjinga på noko nytt, og ikkje berre
eit sensasjonelt slag i lufta. For er ein for å døma Milosevic, må ein
også vera for å døme andre krigsforbrytarar. I tillegg til dei som
framleis er ettersøkte, men på frifot i det tidlegare Jugoslavia, er det
legitimt å starte etterforsking mot den israelske statsministeren, mot dei
algirske generalane, mot visse maktmenneske i Djakarta, for berre å nemne
nokre... Lista kunne bli lang.

Med desse vilkåra i bakhovudet, er eg sjølvsagt glad for at det er slutten
for Milosevic, sjølv om dei kanskje kunne ha venta eit par veker til med å
overføre han til Haag.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST