Fwd: ATTAC Frankrike oppsummerer Gbg

From: Trond Andresen (trond.andresen@itk.ntnu.no)
Date: 25-06-01


Fra Vidar Rekve.

Trond Andresen

>From: Vidar Rekve <bvrekve@online.no>
>To: <attac-informasjonen@attac.org>
>Date: Mon, 25 Jun 2001 19:42:43 +0200
>Subject: [ATTAC] Frankrike oppsummerer Gbg
>
>Godtfolk,
>medlemmer og vener av Attac,
>
>Her kjem Attac Frankrikes oppsummering av erfaringane under EU-toppmøtet i
>Göteborg.
>
>Ta òg ein kikk på den svenske oppsummeringa, som er publisert på attac.nu og
>identisk med Attac Sveriges nyheitsbrev nr. 6/2001. (Vanskeleg å finna?
>Klikk på hovudkategorien "Om Attac" øvst til venstre på attac.nu og så på
>"Beställ nyhetsbrevet" i høgremargen, rull så nedover til arkivet med gamle
>nyheitsbrev.) Minner dessutan om at Attac Noregs oppsummering er toppsak på
>attac.no.
>
>Med dette avsluttar "ATTAC-informasjonen" for sin del Göteborg-kapitlet og
>rettar blikket framover.
>
>God sommar til alle!
>
>Beste helsing
>Vidar Rekve
>informasjonen@attac.org
>
>* * * * *
>
>Etter hendingane i Göteborg
>
>Vi vil ikkje godta at motstanden mot den liberalistiske globaliseringa blir
>kriminalisert
>
>Erklæring frå den daglege leiinga i Attac Frankrike
>
>Som ei handlingsorientert folkeopplysningsrørsle vil Attac Frankrike korkje
>unnvika spørsmålet om valdsbruk under demonstrasjonane eller pakka orda sine
>inn i bomull. For at folk betre skal forstå synsmåtane våre, minner vi om
>følgjande forhold, som både er grunnleggjande og dagsaktuelle:
>
>* I dei kring 30 landa der Attac finst til no, har rørsla valt ei
>ikkjevalds-linje, utan at ho dermed i utgangspunktet rettar seg etter pålegg
>frå styresmakter som avviser ein dialog med demonstrantane (vi understrekar
>at så ikkje var tilfelle i Sverige). Dette standpunktet er utan nyansar.
>* Det var tre særmerkte forhold ved demonstrasjonane i Göteborg, og
>dei to første gir svært stor grunn til bekymring. Det eine er at politiet
>brukte skytevåpen med skarp ammunisjon under ordensteneste, ei hending utan
>sidestykke i eit demokratisk land dei siste tiåra. Det andre er den
>innkapsla holdninga til EU-kommisjonen og regjeringane i dei 15 EU-landa,
>som trass i den veksande motstanden i opinionen mot følgjene av den
>liberalistiske globaliseringa held fram som før og vil "liberalisera"
>hemningslaust. For det tredje: Mobiliseringa var kraftig. Kring 20.000
>menneske frå mange land, med eit overveldande fleirtal av ikkje-valdelege
>demonstrantar, markerte synspunkta sine i høve det siste EU-rådsmøtet under
>den svenske formannskapen.
>
>La det vera sagt med ein gong: Vi tek fullstendig avstand frå gruppene av
>provokatørar som øydela og plyndra i Göteborg sentrum under EU-toppmøtet.
>Denne framferda er forkasteleg av tre grunnar. For det første er det tale om
>eit brot med praksisen med eit demokratisk samarbeid innanfor
>samordningsnettverka av organisasjonar som blir oppretta i høve dei store
>samlingane mot den nyliberalistiske politikken til dei internasjonale
>institusjonane og EU-organa. For det andre er provokatørane eit flugepapir
>for media og hindrar slik ei dekning av spørsmåla som er grunnlaget for
>demonstrasjonane, og av styrken i mobiliseringa. Og verst av alt: Framferda
>gir god ammunisjon til alle dei - regjeringar og næringslivsorganisasjonar i
>første rekkje - som med god grunn uroar seg over den folkelege motstanden
>mot politikken dei fører, og som grip sjansen til å freista å kriminalisera
>kampen mot ein djupt urettferdig sosial orden.
>
>Dei svenske styresmaktene ber eit alvorleg ansvar for det som skjedde. Dei
>respekterte ikkje alle avtalane som blei inngått med dei som stod for
>organiseringa av det alternative toppmøtet med omsyn til når og korleis
>politiet skulle gripa inn, og politiet opptrådde ofte provoserande. Framfor
>alt tillét dei at det kunne bli avfyrt skarp ammunisjon mot demonstrantar. Vi
>fordømmer inderleg denne første bruken av skarp ammunisjon i handteringa av
>demonstrasjonar i EU.
>
>Meir allment er problemet knytt til holdninga til EU-kommisjonen i Brussel
>og regjeringane i EU, som møttest i Det europeiske rådet. Samstundes som det
>viser seg - og ikkje berre i gatene - å vera ein sterk motstand mot den
>liberalistiske globaliseringa, fann dei det i Göteborg for godt å krevja,
>saman med George Bush, ein ny dose med liberalisering av handelen med
>jordbruksprodukt, tenester osb. i høve WTO-ministerkonferansen som er
>planlagd i Qatar i november. Dei gir såleis alle kritikarane sine
>fullstendig rett når dei plasserer dei i same kategori som G8-landa, Det
>internasjonale pengefondet, Verdsbanken, OECD og WTO, nemleg kategorien av
>ideologar og aktørar for ein nyliberalistisk politikk som har skadeverknader
>som er godt kjende, òg av dei nemnde institusjonane.
>
>Avgjerdstakarane i EU og andre stader er på ingen måte ukjende med at
>politikken deira er upopulær. Ved å halda fram med å føra ein slik politikk
>som om ingenting var i vegen, og å sjå heilt bort frå folkemeininga,
>medverkar dei aktivt til å auka spenninga og svekkja demokratiet, og på det
>viset legg dei til rette for ei kriminalisering av dei folkelege protestane.
>Denne uansvarlege blindskapen må ta slutt og erstattast av ei aktiv lytting
>til krava frå samfunna.
>
>I dei neste månadene - i Genova i juli når G8-landa møtest, i ulike byar
>verda over når WTO-konferansen går av stabelen i Qatar i november i år,
>under den belgiske EU-formannskapen i andre halvår 2001 - vil alle dei
>sosiale rørslene som meiner at ei anna verd er mogleg og at det hastar med å
>komma dit, halda fram med å la røysta si lyda med full kraft. Dei vil gjera
>det med overtyding, og dei nektar å bli gjorde til gislar av grupper av
>provokatørar, eller av politiske styresmakter som skulle ønskja å motarbeida
>den konstitusjonelle retten folk har til å demonstrera fredeleg.
>
>Attac Frankrike takkar Attac Sverige varmt for det framifrå arbeidet som
>foreininga utførte og samordninga som foreininga tok på seg å leia for å
>leggja til rette for ein offentleg og vilkårslaus dialog med dei ansvarlege
>i EU, for kvaliteten på ordskifta som prega det alternative toppmøtet, og
>for dei vellykka og ikkje-valdelege demonstrasjonane (20.000 personar
>laurdag 16. juni) som utgjorde den røyndommen som til dels blei maskert i
>Göteborg.
>
>Paris, 19. juni 2001
>
>_____________________
>
>[Avmelding og (ny) påmelding for denne distribusjonslista ordnar du enkelt på
>http://attac.org/indexno.htm eller http://attac.org/journalno.htm]
>
>
>Har du tips til "ATTAC-informasjonen"?
>Ta kontakt på tlf 22 61 40 81(p) / informasjonen@attac.org
>http://attac.org/indexno.htm



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST