Re: Debatt og ytringer

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 18-06-01


Lun 18 juin 2001 10:35:19 +0200
Trond Andresen <trond.andresen@itk.ntnu.no> a écrit:

> At 10:22 18.06.01 +0200, jonivar skullerud wrote:
> >.....
> >Om det er stor oppslutning her for å utestenge meg, får jeg bare ta
> >det til etterretning.
>
> Knut Rognes har foreslått å stenge ute Jon Ivar Skullerud for en
> periode. Jeg følger standard praksis også denne gang. Er det noen som
> ikke vil at Jon Ivar Skullerud skal stenges ute?
>
> Hvis noen tar ham i forsvar, vil han ikke bli stengt ute.

Dette byrja med at eg kritiserte innhaldet i ei halsbrekkande reaksjonær
vidaresending frå Bjørkedal. Rognes og Grundt gjekk til motåttak, og nokre
andre strøydde sand på. Ingen strauk med.

For meg var det viktig å markere at fascistpropaganda ikkje har noko å
gjera på eit venstreradikalt diskusjonsforum. Om desse herrane det er
snakk om likevel ikkje kan halde seg frå å sende liknande forkasteleg
propaganda og hylling av kannibalar, gjer det ikkje så mykje. Dei isolerer
seg sjølve, og hamnar i bøtta der slikt høyrer heime.

Eg gir pokker i personar, "personangrep", "flaming", og alt det andre som
blir nytta som påskot til å skape debatt om debatten for å vri seg ut av
det. Det er innhaldet og atter innhaldet i visse ting som blir sendt til
forumet, eg vil til livs.

Stil er likegyldig, liksom "kvaliteten" på det som blir sendt. Kvaliteten
er skiftande. C'est normal. Sjølv kan det hende eg bablar av og til. Et
alors!!! Eg sender aldri reaksjonært babbel. Skulle det bli langt og
keisamt og kanskje heilt på sidelinja, er det berre å slette det. Eg
slettar i vilden sky, og skammar meg ikkje over å seia at nokre av desse
personane det har vore snakk om, også her i gallarlandsbyen hamnar i
/dev/null inntil vidare. Dette er kanskje "personåttak", men dei har
sjølve stilt seg lagleg til for hogg. Ein kan ikkje koma trekkjande med
kva som helst og vente at det blir teke for god fisk.

Alt dette for å seia at eg nedlegg protest mot at Skullerud som ALDRI
sender fascistpropaganda, eller anna reaksjonært stoff, på nokon måte blir
utestengd, eller sanksjonert. Det ville vera som å snu verda på hovudet.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST