Re: "Pouvoir assasin!"

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 16-06-01


Jeu 14 juin 2001 22:20:51 +0200
Karsten Johansen <kvjohans@online.no> a écrit:

> Eller: "makta er morder!" - dette er ropet i dagens Alger.

Og "pouvoir mafieux !" kunne ein føya til...
For makta ikkje berre drep, ho er også mafiøs. Den "politiske eliten",
stråmennene og generalane, har gjort dette rike landet til sin private
eigedom. Folket ser ikkje snurten av rikdomen som olje- og gassressursane
kastar av seg. 70 % av innbyggjarane er fødde etter at landet blei
uavhengig i 1962, og ein svært stor del av ungdomen er utan arbeid.
Offisielt er det bortimot 2,5 mill. arbeidslause i Algerie, dvs. om lag 30
% av folket: http://www.algeria-interface.com/english/business/index.htm
Det reelle talet er sjølvsagt langt høgare. Folket har levd eit prekært
liv i årevis, utan håp, utan betring. Før eller seinare flyt begeret over.

Javisst blir generalane og stråmennene deira støtta av EU, og sjølvsagt av
alle vekslande franske regime, så lenge dei tener franske interesser. EU
er meir opptekne av dei generelle neoliberale interessene.

Den liberale offensiven til Europa mot land og folk sør og aust for
Middelhavet starta i Barcelona i 1995, og har som mål å forvandle desse
landa til ein periferi av "frihandel", enda meir dominert enn i dag. Denne
prosessen er alt i gang, og går føre seg i bortimot total stille. Dette
trass i at det har gitt økonomien i desse landa ein kraftig knekk. Mellom
1992 og 1997 gjekk Marokko 9 plassar attende på lista over utvikling i
verda. Algerie gjekk attende 24 plassar, Tunis 27, Egypte 13, Jordan 14,
og Syria 33 plassar (jf PNUD - Programme des Nations Unies pour le
Développement).

Det euro-mediterranske området skulle vera ein stad der ein respekterte
menneskerettar og demokrati, men seks år etter at Barcelona-fråsegna blei
underskriven, held dei europeiske statane fram med å stø dei verste
diktatur ein kan tenkje seg i dette området. Korleis kan ein snakke om
menneskerettar når ein av dei elementære rettane, retten til fri ferdsel
heile tida blir broten (jf tiltaka til EU mot innvandring, og passnekt i
mange tilfelle)? Også Attac-medlemmer blir nekta pass [Sadri Kiari et de
Mohamed Chourabi frå RAID (Attac Tunisie) og Lofti Chewelyi frå ATTAC
Maroc]. Kva meining har ambisjonane om fred i området og fråsegna om
retten til eit fritt liv for alle folk, når det palestinske folket blir
nekta retten til å opprette ein uavhengig stat, når palestinske born blir
massakrerte utan at nokon blir straffa for det, og når ein del av det
palestiske folket er tvungne til å leve i eit eksil utan ende?
 
> Det var ikke tilfeldig at jeg nevnte det morderiske regimet i Algeriet,
> et morderisk regime som støttes av EU med rikelige gaver. Frankrikes
> fortid ligger i bakgrunnen. Dette er viktig - langt viktigere enn
> Gøteborg. Demonstrasjonene i Alger fortsetter og fortsetter måned etter
> måned med den "sosialistiske militærorganisasjonen" som mulig (og
> hvilken?) ledende kraft. De retter seg i sin virkning mot selve hjertet
> i EU-imperialismen. Dette ligner Brasil, Mexico - i USAs bakgård skjer
> det også ting. Som må gripes av ATTAC osv. hvis noe skal skje for alvor.

Attac har befatta seg med dette i lengre tid, og det finst også
Attac-organisasjonar i Tunis og Marokko. "Problemet" er at det meste av
det som er skrive, er på fransk, eller arabisk. Diverre er "venstresida"
i Norden (og då snakkar eg om heile den angloamerikanske og skandinaviske
verda) prega av den same mangelen på kunnskap om det som skjer sør for den
engelske kanalen, sør for Rio Grande, aust for Donau, i store deler av
Stillehavet, ja, alle dei stader som av språklege og kulturelle årsaker er
"kvitt land" på det angloamerikanske verdskartet.
 
Attac har ikkje lokalorganisasjonar i den engelskspråklege verda (Attac
Irland er i ferd med å bli eit unntak). For ikkje lenge sidan var sjølve
Attac (og resten av antiglobaliseringsrørsla) fullstendig kvite soner i
den nordiske verda. Det er synd at det er slik, for det skjer uhorveleg
mykje interessant også andre stader...

Nyttar ein internett t.d. med utgangspunkt berre i den engelskspråklege
delen, blir resultatet fattigsleg og skeivt. Språkkunnskap er ein heilt
avgjerande føresetnad, og når det gjeld tilstanden i den tredje verda kjem
ein ganske langt med spansk, fransk og portugisisk. Lær dykk desse språka,
så blir det inga sak i det heile teke å ta kål på slikt vrøvl som
dilettantjournalistane i Aftenposten t.d. får seg til å skrive om ei heilt
ukjend sak:

> "Suzann forbauser verden
>
> Golfekspertisen i Frankrike klør seg i hodet. En norsk fersking presser
> verdensstjernene." (Aftenposten sport)

og haugevis med anna vrøvl som kjem på trykk der oppe.

Eg les minst 3-4 aviser dagleg, og har aldri høyrt om dette. Det kan hende
det innebygde filteret silar bort slike "nyhende", men eg spurde ein av
sønene mine, som er så sportsinteressert som det går an å bli når ein er
15 og sjølv driv med sport. Han hadde heller aldri høyrt om denne
"golfstjerna". Det er sjølvsagt, som Karsten peikar på, nok eit døme på
den norske nombrillismen:

> Konklusjon: "Verden" = "golfekspertisen i Frankrike" ligger på kne for
> "Norge" = "Suzann", mens ungdommer med kniver skremmer de
> investeringslystne litt lenger sør.
>
> Slikt fremmer kanskje "investeringslysten" mer? Her har du din
> motstander, Frølich. Dette er EUs religiøse språk på "norsk". Dette er
> dagens patologi: et snilt og innad frivillig despoti med *golfkøllen*
> (ikke løven) som sitt symbol. Det er på tide å spørre her: hvordan
> tenker et friskt menneske?
> Jo:
>
> "Golf er en fin spasertur som blir ødelagt av spillet" (Mark Twain).

(Frøhlich, Fossen og resten av gjengen kan ein trygt setje i parentes. Det
er som den nye varianten av "tv" - ein må unngå å kommentere det, eller
nemne det i det heile teke. Eksibisjonismen er forkasteleg same kva slag
form denne tar.)

Attende til Algerie: det blir sjølvsagt skrive side opp og side ned om det
som skjer i landet som for snautt 40 år sidan var eit (oversjøisk) fylke.
Var ein fødd i Alger, Oran, Constantine, Tamanrasset..., var ein fransk.
Algerie er i den franske folkesjela framleis fransk på eit vis. Men denne
fortida er vanskeleg og opprivande.

Mange trudde at ein kunne sy att såra av ein slik krig. Pakke historia i
sekker, sy att og søkkje dei i havet. Men så oppdagar ein at saumane berre
var glidelåsar, og at alle sogene kjem seg ut og flyt opp att. Det var
for mykje blod og løgn, og slikt kjem ein aldri frå slik ein hadde tenkt
det. Sjølv ikkje dei mektigaste. Historia om den koloniale fortida flyt
opp og kjem fram i dagen att. Det er viktig å lese denne historia om ein
vil forstå det som skjer rundt oss i dag.

Er ein ikkje fødd og oppvaksen i eit land som hadde koloniar, har ein
ofte eit noko amputert perspektiv. Ein manglar viktige brikker. Då eg kom
til Frankrike i si tid, oppdaga eg ei mengd av hendingar og soger eg aldri
hadde høyrt om før. Eg mintest avisoverskriftene om krigen i Algerie i si
tid. Eg mintest OAS. Det var på den tida eg byrja å lesa aviser. Men det
var nokså diffust. I Paris og Karibia oppdaga eg eit "isfjell" eg ikkje
visste om. Etterkvart har deler av isfjellet blitt synleg, men framleis
finst det ukjende ting. Eg kjem aldri til å oppdage alt. Det er vanskeleg
å bli heilt fleirkulturell.

Det kan hende det har vore lettare, fordi eg har halde fram med å stille
dei same spørsmåla, og fordi eg på naturleg vis blei ein del av ei
mangfaldig verd som eg på ein måte forstod, eller ville forstå i
utgangspunktet. Radikalismen og opprørsviljen er eit internasjonalt språk,
og ein knytter seg mest umerkeleg og på subtilt vis til den sida ein
alltid har halde seg til.

Alt dette kan vera svært flyktig, svært diffust og ofte motsetningsfyllt.
Slik er det også med Algerie.
 
Algerie har vore førstesideoppslag med jamne mellomrom dei siste åra. Den
siste tida har det vore tilløp til eit oppgjer med fortida, enda makta på
bastant og skinheilag vis freistar å isolere dette, (jf general
Aussaresses). Algerie var førstesideoppslag i alle franske media, sjølv i
regionsavisene 14. juni då om lag ein million menneske marsjerte i gatene
i Alger. Ikkje hovudsakeleg for å krevje fridom og respekt for berbarane i
Kabylia, der denne siste intifadaen starta i april, men for å uttrykkje
avmakta, og at det er nok. Nok av maktmisbruket, nok av mafiaverksemda til
dei som "styrer" - generalane som brukar nasjonalinntektene som sin
private eigedom.

Det var ikkje berre ungdomar, eller berbarar. Det var eit folkeleg opprør
på tvers av skiljelinjer, politiske parti og livssyn. Kvinner og menn,
eldre og yngre. Sjølv om mange blei hindra å koma inn til byen, m.a.
fleire bussar frå fjella i Kabylia, blei det den største demonstrasjonen
som har vore i Algerie sidan frigjeringa i 1962. Det nye, som det er verd
å leggja merke til, er breidden i denne sosiale rørsla. Det er ei lovande
utvikling som føyer seg inn i billetet av den aukande motstandsrørsla mot
det neoliberale barbariet.

Sjølv om ein slags fred førebels har lagt seg over Alger att, er det berre
ei stille før stormen. Dette blir det skrive om i avisene no om dagen,
både her i Frankrike, i Algerie og andre stader. Det finst ikkje så mykje
engelskspråkleg i den algirske pressa. Ein finn litt her:
http://www.algeria-interface.com/
Elles finst det ein oversikt over algirske aviser på denne sida:
http://www.courrierinternational.com/kiosk/_Af.htm
Og dei andre leselege avisene har sjølvsagt brei dekkjing av det som
skjedde/skjer der nede:
http://www.liberation.fr/flash/algerie/index.html
http://www.lemonde.fr/dossier/0,5987,3210-5214--,00.html
http://www.lemonde.fr/dossier/0,5987,3226-3515--,00.html
http://www.courrierinternational.com/dossiers/geo/algerie/algerie_00.htm
for berre å nemna nokre.
 
Sjølvsagt kan ein lese norske aviser, berre at ein har i bakhovudet at det
i dei fleste tilfella er som å kikke i eit nykkelhol, og at det ein ser er
eit vrengebillete av den verkeleg verda. Det er ofte ekstremt fjollute:
sjølv "utanrikssidene" handlar no meir og meir om "fait divers" utan noka
som helst interesse for andre enn dei som likar å løfte på dyner og kikke
i smug på privatlivet til overflatiske og uinteressante menneske, anten
desse er kjende eller ikkje. I dagevis har såleis det mest markante
nyhende frå Frankrike t.d. vore historia om ein fyr frå Orléans som
hadde skaffa seg hore og som miste styringa på bilen, slik at han køyrde i
elva (Loire) då denne ("elskarinna") som ventande var, fekk mannen med seg
i den sjuande himmelen... Sjølv Aftenposten hadde dette under rubrikken
"Utanriks".

Eg har etterkvart slutta med "den norske presserunden". Klassekampen og
Dag og Tid gir meg alt som er verd å vita om Noreg. Nrk slepp eg heilt
naturleg i sumarhalvåret, då dei norske radiostemmene og all den
amerikanske muzakken blir døyvd av spanske og nordafrikanske stemmer og
melodiar. Det finst mange måtar å leve i paradiset på...

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST