Re: klima igjen

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 04-06-01


Lun 04 juin 2001 20:18:37 +0200
Karsten Johansen <kvjohans@online.no> a écrit:

> Værsituasjonen fra hele i fjor sommer er tilbake på plass.

Ja, også her small det til med temperaturar over det normale for over ei
veke sidan... 35 grader i skuggjen og meir til. Det er ikkje nett det som
er så interessant, men den ekstreme tendensen. Frå oktober til mai hadde
me 4 gonger meir regn enn "normalen". Vinteren var mild og våt (ikkje ei
einaste natt med kuldegrader), og våren var "kald" og likeins våt). Det
har vore flaum i store deler av landet. I nord (Somme) er dei framleis
ikkje heilt ferdige med flomvatnet.

Den milde vinteren har gitt tydeleg meir insekt og parasittar dette
året, noko som er plagsamt når ein driv økologisk hagebruk. Og skogbrannar
herjar sjølvsagt. Eg såg eit par Canadair (store, gule "vassbombesjøfly")
flyge lågt over dalen i går. Det var skogbrann lenger sør.

Me bur i det fylket som har flest slott og festningar frå mellomalderen og
renessansen. Fleire av desse har delvis rasa saman i vår. Murar og tårn
har lagt seg overende i den vasstrekte jorda. Ein 40 meter høg og over 100
meter lang mur på slottet i Saumur rasa saman og knuste fleire hus lenger
nede. Jordras er kome på lista over ting ein må vera på vakt mot. Me har
8-10 meter høge murar bak og rundt kråkeslottet. Det byrjar å bli ein vane
å kontrollere kvar dag: sikte og sjå etter bular og sprekker. Nok ein god
grunn til å slost mot klimakriminaliteten...

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST