Re: Irske Attac mot EU

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 30-05-01


Mar 29 mai 2001 20:26:55 +0200
Bjarke Friborg <bjarkef@online.no> a écrit:

> Attac Irland er mot irsk medlemskap i EU, og er aktivt involvert på
> nei-siden i kampanjen frem mot folkeavstemningen 7. juni.
>
> Bjarke Friborg - Oslo

Det er interessant å sjå at Attac er blitt eit så heitt tema. Då eg skreiv
om Attac for halvtanna år sidan, var det som å rope i vinden. No er det på
eit vis blitt obligatorisk å ha noko å seia om denne organisasjonen. Og
det er ikkje måte på kakofoni.

Det er naturleg kan ein seia, for i morgon skal den norske
varianten av Attac offisielt stiftast. Eg har halde meg borte frå
debatten, mest av alt fordi eg kjenner meg framand. Det norske
perspektivet er fjernt. Dette som mellom anna går ut på å leite etter
teikn på at verda er som "oss", hand i hand med den utbreidde og
hardbarka viljen til å gjera verda "norsk". (Eg veit at Friborg opphavleg
er dansk, men det forandrar ingenting.)

No er det irane som skal vera som "oss". Vikingane skal rett nok ha
grunnlagd Dublin, men dei som har vore i dette landet veit at Noreg og
Irland er to vidt forskjellige ting. Og denne overskrifta: "Irske Attac
mot EU" er sjølvsagt i beste fall demagogisk fiksfakseri, i verste fall
vrøvl. Irske Attac-medlemmer meiner, liksom medlemmer i andre
Attac-organisasjonar, mangt om EU. Men Attac må ikkje blandast saman med
den organiserte EU-motstanden i medlemslanda. Den er det heilt andre og
meir obskure krefter som står bak. Dette har eg skrive om før, så eg skal
ikkje gjenta det.

Det er ikkje vanskeleg å vera mot Nice-traktaten (det er det den irske
folkeavstemminga handlar om), eller for den saks skuld andre sider av den
rådande politikken til EU, så dette som kanskje var meint som eit scoop
eit par dagar før stiftingsmøtet til Attac Noreg, blir berre ein flopp.
Det har vel elles lite for seg å diskutere kva dei andre meiner, men skal
ein på død og liv ha dokumentasjon, kan ein like godt slå opp på denne:
http://www.attac.org/ireland/page20.htm eller denne
http://flag.blackened.net/revolt/global/nice00/attac_mobil.html

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST