SV: Veni vidi vici (var: Berlusconi)

From: Birkeland Ottar (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: 14-05-01


>Jeg er likevel forundra over at du ikke er enig i at det
>oppstår et betraktelig demokratisk problem når den ene
>statsministerkandidaten
>eier og kontrollerer 90% av fjernsynsmedia.

Berlusconi har ikkje kontroll over 90% av fjernsynsmedia i dag, men eg er
enig at det er eit problem for sjåarane at han eig eller kontrollerar 90%
dersom har blir statsminister. Men problemet skal heller ikkje
overvurderast; det er ikkje like enkelt for ein statsminister å kontrollere
RAI som det er for eigar Berlusconi å kontrollere sine eigne stasjonar. Dei
fleste på den norske venstresida var meg bekjent tilhengarar av at 100% av
fjernsynsmedia var statskontrollerte i Noreg langt inn på 80-talet.

Men sjølvsagt; dersom Berlusconi innfører fascistiske verkemiddel som
sensur, vilkårleg fengsling av politiske motstandarar, innskrenking av
organisasjonsfridom (og med innskrenking meiner eg forbud, ikkje at
organisasjonen mistar statsstøtte) osv., så er eg heilt enig i at han er
fascist, uansett kva slags betegnelse han måtte bruke på seg sjølv.

Men å bruke betegnelsen fascistisk på dette: "regimet (vil ikke) bruke
geværer, men et massivt mediaapparat og reformer i skolevesen og lovverk,
for å opprettholde seg selv", "faglig-rettslig nedbygging og undertrykking,
og innbildt meningsfrihet", er etter mi meining utvatning av begrepet
fascistisk styresett. Ut frå slike definisjonar vil eg uten problem være
enig i at for eksempel Margaret Thatcher var fascist. No er det vel ikkje
mange her som har større sympati for Thatcher, men eg ser i alle fall store
forskjellar på hennar og Mussolinis politikk, samfunnsyn og menneskesyn.

Når det gjeld dei andre to aliansepartnarane, Alleanza Nationale og Lega
Nord, har dei heilt klart mykje meir grums i sin politikk og eg har ikkje
nokon kommentarar til denne delen av innlegget ditt. Det er heilt klart eit
stort tilbakeslag for Italia om dei får denne gjengen i regjering, mange av
dei kan med rette kallast fascistar. På den andre sida er begge desse
småparti som slit med sperregrensa. Eg både trur og håpar at Italia ikkje
vil bli ein fascistisk stat. Og så lenge ein ikkje brukar fascistiske
verkemiddel er det meiningslaust å snakke om ein fascistisk stat.

Slik utvatning av begrep er farlig. Når mange ropar ulv uten at det er
sakleg dekning for det, blir det også lett å skyve det frå seg når det er
sakleg grunn til å rope.

Ottar Birkeland

___________________________________
<kk-f>



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST