IT: Det er disse som styrer oss

From: Trond Andresen (trond.andresen@itk.ntnu.no)
Date: Mon Oct 30 2000 - 08:40:50 MET

  • Next message: Erik Ness: "tre ting"

    Hvilke visjoner m.h.p. "kunnskapssamfunnet" er det som ligger til grunn for
    regjeringas beslutninger på dettet feltet? Artikkel fra Dag og Tid vedlegges.
    Skal man le eller gråte?

    Trond Andresen

    ______________

    >Dag og Tid nr. 43, torsdag 26. oktober 2000
    http://www.dagogtid.no/arkiv/2000/43/it-saka

    >“IT-REVOLUSJONEN”:
    >KAUDERVELSK OM KUNNSKAP
    >
    >Dersom “kunnskapssamfunnet” og “kompetansesamfunnet” byrjar no, kva var det
    >folk dreiv med før, da?
    >
    >Av Per Anders Todal
    >
    >Det er IT det handlar om for tida. Informasjonsteknologi, altså. Nasdaq, WAP
    >og IT-Fornebu, og ikkje minst det såkalla “kunnskapssamfunnet”. Eg lurte på
    >kva dei som styrer oss, eigentleg meiner om desse tinga. Difor las eg meg
    >gjennom tre ganske ferske talar om emnet av nærings- og handelsminister
    >Grete Knudsen, som har IT-utvikling som ei flaggsak. Eg fann store
    >ambisjonar og svulstige visjonar, men lite analyse og substans.
    >
    >Dei tre talane er alle frå i år, stammar frå ulike konferansar og seminar,
    >og ber titlane Ap-regjeringens IT-politikk (27.04), Åpningsforedrag under
    >konferansen “Norge etter oljen (02.10) og Det elektroniske samfunn, hva
    >betyr det for kommunikasjon, handel og makt? (17.10).

    >Må må må må
    >
    >Det mest markerte trekket ved talane til Knudsen er determinismen,
    >vektlegginga av det nødvendige, av alt vi må gjere, fordi verda ikkje ventar
    >på oss. Vi har ikkje eigentleg noko val: “Utviklingen på det elektroniske
    >markedet skjer nesten med tankens hastighet, for å sitere Bill Gates. Her må
    >vi handle raskt for å henge med!”
    >
    >Det finst inga skissering av ulike val eller retningar i talane, men til
    >gjengjeld ein stor optimisme og enorm iver: “Mon tro om vi står på terskelen
    >til en ny Renessanse?” (17.10) Alle må på nett, fortast råd, det må bli
    >nett-tilgang i skulane på kveldstid og nettkafear i kjøpesenter.
    >
    >Det mest tiltalande ved talane er den erklærte viljen til å gjere
    >informasjonsteknologien tilgjengeleg for flest mogleg, og sørgje for at
    >færrast mogleg dett av lasset. Men talane har òg meir uhyggelege trekk.
    >Sjølv om Knudsen påpeikar at “informasjonsteknologi er ikke et poeng i seg
    >selv, det er et virkemiddel for å oppnå overordnede samfunnsmessige
    >målsetninger”, finn ein mange døme på at rekkjefølgja mellom middel og mål
    >verkar omsnudd. Velferdsgode blir til konkurransefordelar, komande borgarar
    >blir til komande konsumentar, og menn som tek ansvar i heimen, blir ein
    >føresetnad for næringsutvikling:
    >
    >“I Norge kan vi kombinere arbeid og familie. Dette er et konkurransefortrinn
    >vi må utvikle vidare.” (27.04)
    >
    >“(...) de nye generasjonene som kommer som markedsaktører er de mest
    >kommunikative noen-sinne.” (17.10)
    >
    >“Den norske velferdsmodellen, vårt generelt høye utdanningsnivå, den spredte
    >bosettingen, likestillingen, våre små byer og vår vakre natur er våre
    >sterkeste konkurransefortrinn.” (17.10)
    >
    >“Skal vi klare å løfte Norge inn i kunnskapssamfunnet må vi ha menn som tør
    >å gå inn i omsorgsyrkene.” (17.10)
    >
    >“Livskvalitet er nå en forutsetning for innovasjon og økt verdiskapning, og
    >ikke et resultat av dette.” (17.10)
    >
    >“Toleranse er et av de viktigste stikkordene for kunnskapsvekst og
    >utvikling.” (17.10)
    >
    >Og når eg les dette, lurer eg: Kva er det som er middel her, og kva er målet?

    >Kva er kunnskap?
    >
    >Dei mest interessante spørsmåla som talane til Knudsen reiser, er likevel
    >knytte til den intense bruken av omgrep som “kunnskapssamfunn”,
    >“informasjonssamfunn”, “kunnskapsøkonomi” og “kompetansesamfunn”:
    >“Kompetanse og ferdigheter innen informasjonsbehandling og kommunikasjon er
    >helt sentralt i den vidare utviklingen av informasjonssamfunnet” (17.10).
    >
    >I dei tre talane blir eit omgrep som “kunnskapssamfunn” aldri definert, men
    >teke for gjeve og knytt til informasjonsteknologien. Er det verkeleg først
    >no samfunnet tek til å bygge på kunnskap og kompetanse? Kva er det folk har
    >drive med til no, da?
    >
    >– Det verkar ikkje som om Grete Knudsen har klart for seg kva
    >kunnskapssamfunnet er, sjølv om ho refererer mykje til det, seier Keith Smith.
    >
    >Han er forskingsdirektør i den uavhengige forskingsstiftinga Step-gruppa,
    >som studerer innovasjon og teknologiutvikling. Smith har mellom anna markert
    >seg som kritikar av IT-Fornebu-prosjektet. Dag og Tid bad han sjå gjennom
    >dei tre talane og gjere seg nokre tankar om innhaldet.
    >
    >– Problemet er at Knudsen identifiserer kunnskapssamfunnet med IT. Men det
    >er stor skilnad på kunnskap og informasjonsteknologi. Mange ulike næringar i
    >Noreg har ein stor kunnskapsbase, som næringsmiddel-, metall- og
    >fiskeindustrien. Det eg saknar hos Knudsen, er ei forståing av rolla til
    >kunnskap i samfunnet. Det er risikofylt dersom IT og kunnskap blir
    >identifiserte med kvarandre.

    >– Er det nøkterne vurderingar som pregar talane?
    >
    >– Det er ikkje nok vurderingar av kvifor IT er så viktig, samanlikna med
    >andre former for kunnskap. Ein kan òg lure på kvifor det offentlege må
    >investere så tungt på dette feltet. Vi treng ei mykje grundigare vurdering
    >av rolla IT skal spele. Eit prosjekt som IT-Fornebu, har bygd på synsing
    >heile vegen, seier Smith.
    >
    >– På heile IT-feltet er det ein utbreidd determinisme. Det er samfunna som
    >skaper teknologien, ikkje omvendt, og ein må vurdere behova sine før ein
    >handlar.
    >
    >Delvis i kunnskapssamfunnet
    >
    >Dag og Tid fekk ikkje tak i Grete Knudsen for å stille spørsmål om kva ho
    >meiner med “kunnskapssamfunnet”. I staden snakka vi med politisk rådgjevar i
    >departementet hennar, Tore O. Sandvik.
    >
    >– Kunnskapssamfunnet tyder at kunnskap har blitt det viktigaste
    >produksjonsmidlet i økonomien, seier Sandvik.
    >
    >– Trong ein mindre kunnskap for å klare seg før?
    >
    >– Nei, kunnskap har alltid vore viktig, men no har det blitt det viktigaste
    >produksjonsmidlet. I industriøkonomien var maskinene og kapitalen viktigare.
    >Kunnskap var viktig der òg, men ikkje viktigast. Vi ser no at kunnskap gjev
    >arbeidstakarane makt over arbeidsgjevarane.
    >
    >– Er vi i kunnskapssamfunnet no?
    >
    >– Nei, ikkje fullt og heilt. Det vart heller ikkje slutt på jordbruket i
    >overgangen frå jordbruks- til industrisamfunnet. Vi er framleis i ein
    >overgangsfase. Men teknologien tek av no, ei rekkje prosessar grip inn i
    >kvarandre. Perioden 1980 til 2020 kjem truleg til å stå som ein av dei
    >største endringsperiodane i historia.
    >
    >– Kva forstår du med uttrykket “den nye økonomien”?
    >
    >– Det er dei same økonomiske lovane som før, men no er kunnskap blitt det
    >viktigaste produksjonsmidlet, og den oppfører seg annleis enn andre
    >produksjonsmiddel. Somme meiner ein no har fått ein inflasjonsfri økonomi i
    >USA, men det trur eg ikkje på, seier Tore O. Sandvik.
    >
    >© Dag og Tid



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Mon Oct 30 2000 - 09:40:51 MET