klimaframtid i Norge

From: Karsten Johansen (kvjohans@online.no)
Date: Fri Oct 06 2000 - 20:32:21 MET DST

  • Next message: asgeirbj@student.sv.uio.no: "Oppklaring."

    På et vesentlig punkt tar artikkelen i Dag og Tid om klimaendringer feil:

    "Fulle magasin

    Klimaendringane kjem til å ha sine nyttige sider. Den venta nedbørsauken kan
    til dømes gjere alt snakk om kraftkrise nokså passé. Om prognosane slår til,
    blir det neppe vanskeleg å fylle magasina i framtida, sjølv om ein høgare
    temperatur vil føre til større fordamping.

    Det ligg ein aldri så liten ironi i dette: Den menneskeskapte oppvarminga vi
    opplever, som dei fleste forskarar meiner heng saman med dei auka utsleppa
    av drivhusgassar som CO2, er på veg til å gjere dei ureinande gasskraftverka
    til Naturkraft overflødige. “Noreg importerer kraft i eit normalår”, har
    vore kronargumentet til gasskraftforkjemparane. Men normalåra blir neppe det
    dei eingong var.

    Samstundes ligg det ein risiko i den forventa nedbørsauken. Kraftstasjonane
    kan ikkje nyttiggjere seg all den ekstra nedbøren, og resultatet kan bli
    større og meir vanlege flaumskader enn i dag.

    Det er lite som tyder på at styresmaktene i særleg grad har teke innover seg
    dei nye vilkåra som klimaendringane truleg skaper for kraftproduksjonen.
    Ingen i Olje- og energidepartementet arbeider med å vurdere følgjene av
    klimaendringane, får Dag og Tid opplyst frå informasjonsavdelinga der i
    garden. Heller ikkje hos Noregs vassdrags- og energidirektorat synte det seg
    mogleg å oppdrive nokon som har arbeidd med desse spørsmåla. Der baserer ein
    seg på historiske data for tilsiget, og køyrer etter bakspegelen. "

    Her har man helt glemt året 1996 med minimal nedbør, tele i bakken til
    Sankthans, vannkrise og kraftkrise. De fleste klimamodeller forutspår i god
    overensstemmelse med tendensen i de senere tiårs klima større
    gjennomsnittsnedbør MEN samtidig større og mer brå utsving - et mye mer
    utstabilt klima. Det gjør bare søvngjenger- politikken enda mer risikabel.
    Det moderne teknologiske samfunn er i liten grad tilpasset ustabile
    klimaforhold - det er lite bærekraftig - lite fleksibelt og enstrenget.
    Dessuten har folk flest mistet kontakten med naturen og står rådville når
    den slår til.

    Karsten Johansen



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Oct 06 2000 - 20:33:59 MET DST