Re: En annen valgfusker ved makta

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Thu Sep 28 2000 - 20:51:08 MET DST

  • Next message: Trond Andresen: "Sjekk_denne_løpende"

    At 20:41 27.09.00 +0200, Karsten Johansen wrote:
    >Spionsjefen til USAs venn Fujimori i Peru har fått asyl i de
    >facto-USA-delstaten Panama. Ikke overraskende. Heller ikke overraskende at
    >Fujimoris valgfusk ikke har bekymret Clinton & Co. det minste, de er like
    >lite interessert i dette tema, som de er opphisset over Milosevitjs
    >valgfusk. Hykleri som vanlig fra de kanter.
    >

    "On the other hand, we have our results that are beyond any doubt." Seier
    Djindjic. Det sa sikkert Fujimori også, uten at det er nokon grunn til å
    godta det utan vidare. Tungnem som eg er så klarer eg ikkje å skjønne din
    skråsikkerhet når det gjeld valresultatet i Jugoslavia.

    Du er like skråsikker som opposisjonen var når dei før valet postulerte at
    Milosevic ville jukse til seg seieren i første runde. Dei sa aldri kanskje,
    aldri nokon forbehold, men konstaterte det 100% bombastisk. Dei smører
    generelt tjukt på, med klissete honning på begge sidene av brødskiva: på
    den eine sida sutra dei i det lengste over at dei ikkje ville få mulighet
    til å observere valet og at det aldri kunne bli et rettferdig val og på den
    andre sida har dei hevda fra første stund å ha full oversikt over
    valresultatet. Dei kan trygt gjere det fordi dei har Milosevic å skulde på
    og veit veldig godt at all svada dei serverer vil bli svelgt unna og smurt
    ut i det vide og breide.

    Milosevics "valsvindel" var etablert som eit "faktum" lenge før han hadde
    den minste mulighet til å gjere noko som helst. Taktikken har vore å pøse
    på med så mange forskjellige meldingar at anklagene blir sittande utan at
    nokon av påstandane treng å underbyggast. Det er nok å gjenta det omigjen
    og omigjen.

    No har valkommisjonen lagt fram eit resultat som stemmer rimelig godt
    overens med FN-prognosa (som eg har omtala i eit tidlegare innlegg), og med
    dei fleste meiningsmålingane som også forutsa ein andre valomgang.

    Men opposisjonen og deira investorar i Vesten ligg sjølsagt fleire skritt
    framfor begivenheitene. No er det etablert som eit nytt "faktum", at
    opposisjonen garantert fekk over 50% i valet. Det er jo berre noko alle
    veit "folket" er jo imot Milosevic, sånn er det berre og det kan ein trygt
    slå fast lenge før oppteljinga av stemmene har byrja.

    Strategien no er enkel og effektiv: overbevis tilhengjarane til
    opposisjonen om at det ikkje finns tvil om den absolutte seieren, og send
    dei ut på gata i størst mulig antal.

    Og då kan vi jo alle med letthet sjå at det var eit parogfemti% og ikkje
    nokonogførti% som stemde på Kostunica. Ikkje sant?

    Og dette er jo tross alt den "demokratiske opposisjonen", så dei hadde
    sjølsagt ikkje hevda at dei hadde vunne valet hvis det ikkje var sant. Og
    arbeidsgjevarane i vesten kunne sjølsagt aldri finne på å be dei om å følge
    ein slik strategi.
    Det er jo sånt som alle veit. Det er det som er så greit med Balkan: det er
    alltid så lett å vite kven som er dei snille og kven som er dei slemme,
    ikje sant?

    Men likevel, vil eg utfordre deg til å forklare kva grunnlag du meiner å ha
    for å vite at Kostunica faktisk har håva inn over femti prosent av
    stemmene.

    KVJ:
    >Men valgfusk er selvfølgelig valgfusk, uansett hvor det finner sted.
    >Kostunica er sikkert også en sleiping. Men han er foreløpig ikke
    >en massemorder som Milosevitj. Og han vil være under enormt press
    >for å gjennomføre demokratiserende tiltak. Der ligger forskjellen.
    >
    >Karsten Johansen
    >

    Det einaste valfusket som har blitt avslørt og grundig dokumentert så
    langt, er dei vestlige bestikkelsane til Kostunica-opposisjonen, har i
    grunnen ikkje inntrykk av at du er heilt konsekvent om at "valgusk er
    selfølgelig valgfusk".

    Eler meiner du heilt seriøst at hemmelig finansiering frå fiendtlige statar
    er legitimt i ein demokratisk valkamp?

    Du skriv at forskjellen på Kostunica i forhold til Milosevic er at han
    foreløpig ikkje er "massemorder", og eg går då ut frå at du referer til
    Milosevics innsats i krigane på Balkan så langt. Men Kostunicas alternativ
    har jo vore å gå hardare til verks i desse krigane enn det Milosevic har
    gjort både i Bosnia og Kosovo.
    Eg går ut frå at du ikkje meiner at dette ville ha vore nokon særleg god
    strategi, men sidan du ser ut til å meine at det er Milosevic-regimet som
    har skapt desse krigane vil eg spørje deg: Kva er det du meiner Milosevic
    kunne ha gjort for å unngå f.eks krigen om Kosovo??????

    Du har nok rett i at Kostunica vil vere under hardt press, men det hardaste
    presset vil sjølsagt ikkje handle om demokratisering, men om åpning av
    økonomien,privatisering og generell underkastelse for vestens linje. han
    kjem neppe til å stritte særleg imot, sjøl om han gjev inntrykk av det på
    heimebane.

    På den andre sida er ikkje presidentmakta i Serbia spesielt stor, og i
    parlamentet har Milosevic-alliansen fått reint fleirtal, så det kan kanskje
    utgjere ei motvekt mot Kostunicas "ekspert-regjering".

    Asgeir Bjørkedal



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 20:53:26 MET DST