Billeg bensin og rimelege bilar i Noreg

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Sep 27 2000 - 11:10:50 MET DST


Dette er kanskje uventa for somme, men godt dokumentert i Dagens
Næringsliv i forrige veke, utan at eg har sett nokon større mediaoppslag
om det. Kvar er Knut Olsen og Debatt 21???

På ei norsk gjennomsnittleg industriarbeidar-timelønn, etter skatt, kan
ein kjøpe 8,2 liter bensin. Dette er tredje best (mest) i Europa. Berre
i Tyskland (10,1) og Danmark (9,0) er bensinen billegare. Dyrare er han
i Irland (8,0), Østerrike (7,9), Belgia (6,8), Sverige (6,7), Nederland
(6,3), Finland (6,0), Storbritannina (5,9), Frankrike (5,9) og Italia
(5,0).

(Dette er kanskje ikkje alle europeiske land, men iallfall eit bra utval
av dei vi gjerne samanliknar oss med.)

I reknestykket er norsk bensinpris kr. 10,79. Timelønna er brutto kr.
119 og netto kr. 89 (1997-tal), for ein industriarbeidar som er gift og
har to born.

Men så må vel nordmenn punge ut når dei kjøper bilen? Ja, men ikkje
dersom vi tek omsyn til lønnsnivået. Det finst no ein europeisk indeks
for å samanlikne bilprisar. Korrigert for lønn er Noreg på fjerdeplass
blant dei same landa som ovafor. Berre Tyskland, Belgia og Sverige har
billegare bilar enn Noreg. Tyskland er utvilsamt bilparadiset.

Kven vil rekne på matprisane?

Kjelde: Dagen Næringsliv 21. og 22.9.2000.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:34 MET DST