Valresultat i samsvar med FN-prognose.

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Mon Sep 25 2000 - 14:12:06 MET DST


Keisaren av Kosovo har for lenge sidan gjort det klart at han ikkje føler
seg begrensa av FN-mandatet for Kosovo-okkupasjonen.

Minoritetane har blitt etnisk utrensa utan den beskyttelsen som dei var
lova, slik at borgarkrigen der i realiteten har fortsatt sjøl om berre den
eine krigførande parten står igjen.

Dei Jugoslaviske grensestyrkane som skulle kome inn i Kosovo i Juni, blir
framleis nekta adgang.

Og då det Jugoslaviske valet kom let Keisar Kouchner som om han var
overraska over at også borgarane i Kosovo skulle få stemme, han ville først
nekte dei det, men sjøl NATO meinte det blei for dumt. Han blei nødt til å
la valet gå sin gang, men proklamerte høglydt på førehand at alt berre kom
til å bli fusk og fanteri og at Milosevic kom til å tape.

Men Guardian rapportert om meir seriøse utsegner frå andre "officials", som
kanskje har forsnakka seg: Dei fortalde at dei på grunnlag av
meiningsmålingar rekna med at Milosevic ville mangle omlag 500 000 stemmer
for å kome over 50% i første valomgang! Det blir (av andre mainstream-media
kjelder) anslått at det trengs ca 3 000 000 stemmer for å oppnå fleirtalet.
Det betyr at FN-funksjonærane rekna med at Milosevic ville få godt over 40%
av stemmene, medan dei tre høgreekstreme kandidatane ville dele på
nokonogfemti %.

Dette stemmer fryktelig dårleg med alle dei offentlegjorde
meiningsmålingane, og veldig godt med valresultatet til opposisjonen. Skal
vi tippe at alle dei amerikanskfinansierte meiningsmålingane (New York
Times), koordinert av Clintons meiningsmålingsfirma (Washington Post),
måtte "modererast" aldri så lite før dei blei offentleggjorde?

Asgeir Bjørkedal

Frå The Guardian lørdag:

http://www.guardianunlimited.co.uk/serbia/article/0,2479,372111,00.html

Anxious not to give credibility to the poll, the UN team in Kosovo will
stay out of the election buildings and count voters, not votes, to have
some check on turnout padding.

Officials say they are operating on opinion poll predictions that Mr
Milosevic needs 500,000 extra votes to secure the 50% required for a
first-round win.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:33 MET DST