mer historie

From: Karsten Johansen (kvjohans@online.no)
Date: Thu Sep 21 2000 - 20:21:31 MET DST


Når vi først er inne på historie rommer vel nedenstående mer stoff til
ettertanke enn selv nok så mange "historiske paroletog" for å illuminere
Osloborgerskapets nasjonalromantiske tusenårsidyll.

Karsten Johansen

http://www.dagogtid.no/arkiv/2000/38/tomann

Dag og Tid nr. 38, 21. september 2000

Krigen om historia Som student vart Lars Borgersrud trua med tiltale om han
offentleggjorde dei krigshistoriske funna i hovudoppgåva si. 25 år etter
skriv dr. philos Borgersrud bok om det militære sviket som norsk
forsvarshistorie til no har tagt om.

ROALD HELGHEIM

Å skrive om krig er å føre han vidare med andre middel, seier Lars
Borgersrud. Etter det offisielle norske historiesynet har våre militære
aldri blanda seg i politikken, men berre vore opptekne av å forsvare landet
mot trugsmål utanfrå. Dette har dei gjort med stort heltemot, og det er
skildra i bindsterke sogeverk. Særleg gjeld dette 1940-45, dei fem åra i
norsk historie som det utan samanlikning er skrive mest om.

Mot dette hevdar historikaren Lars Borgersrud at i den snart 200 år lange
perioden sidan 1814 har historia til offiserskorpset med få unntak vore
knytt til ein politisk kamp mot demokratisering av samfunnet, mot sosial
utjamning, og mykje av tida mot nasjonal frigjering. Offisersstanden har
stort sett spela på parti med det politiske høgre, og har til dels vore ein
ekstrem politisk kjerne i høgresida. Difor går det ei rett line frå
offiserane si rolle frå 1814 via 1905 til 9. april 1940, og denne lina
heiter Konspirasjon og kapitulasjon - tittelen på den nye boka til Lars
Borgersrud.

Sin ytste konsekvens fekk dette under felttoget i 1940, då eit stille
mobiliseringssystem som var mynta på å slå ned ein indre fiende, la landet
ope for den tyske hærmakta. Og det er dette som er grunnlaget for at så
store deler av offisersstanden svikta i 1940, og at mykje av våpenutstyret
var ubrukeleggjort for å hindre at det kom i hendene på “upålitelege”.
Nesten alle soldatar som kjempa i Sør-Norge, melde seg som friviljuge.
Etterpå melde ein svært høg prosent av offiserane seg inn i nazipartiet
Nasjonal Samling (NS). Det norske offiserskorpset var etter krigen så
kompromittert at det var vanskeleg å finne tilstrekkeleg befal utan lyte då
forsvaret skulle byggjast opp att.

Materialet om dette har historikaren Lars Borgersrud no samla i ei bok på
384 sider. Men denne sida ved militæret er framleis ikkje-eksisterande i den
offisielle militærhistoriske produksjonen. Då Borgersrud som
hovudfagsstudent tenkte å leite etter kor mange offiserar som vart
NS-medlemmer eller gjekk i tysk teneste, fekk han vite at dette var eit
blindspor. Den som sa det, var Olav Riste, som saman med sine
historie-disiplar no legg siste hand på det offisielle verket om det norske
forsvarets historie. Mens forsvaret gjennom institusjonar som Forsvarets
Krigshistoriske Avdeling (FKA), Institutt for Forsvarsstudiar,
Forsvarsmuseet, Norges Hjemmefrontmuseum og Forsvarets Forskingsinstitutt
har hatt godt betalte forskarar til å skrive historia si, har Borgersrud
gjort det meste på fritida. Som faghistorikar har han hatt politisk
yrkesforbod i Norge. Og ved to høve greip representantar for Forsvarets
eigne forskingsinstitusjonar inn for å hindre han i arbeidet. No har han
garanti-inntekt.

Ingen representantar for det militære historikarlauget møtte opp då
Borgersrud nyleg presenterte boka si. Til gjengjeld var det eit visst
historisk sus over at Ole Kristian Grimnes på pressekonferansen gav
Borgersrud kredit for å ha dokumentert korleis den norske
mobiliseringsordninga av 1938 førde til stille mobilisering i 1940, ei
mobilisering som tok to dagar gjennom vanleg post. Grimnes er sjølv ein
leiande historikar som skreiv første bind av storverket Krigen i Norge, utan
å ha med noko om dette.

Men det var då Borgersrud for nokre år sidan tok til å grave i
offiserkorpsets NS-fortid at det vart skikkeleg oppstyr.

- Mens eg studerte historie hovudfag og sat mykje på Forsvarets
krigshistoriske avdeling i Tollbugata, sa Olav Riste til meg at her var det
ikkje noko å hente. Men det var aldri skrive noko om ein femtekolonne i
Norge. Det eg seinare gjorde, var å sjekke medlemslistene mot eit utval av
høgare offiserar. Det var tidlegare hevda at NS-prosenten i offiserskorpset
var langt under gjennomsnittet i befolkninga, men eg visste at det umogleg
kunne stemme. NS-arkivet var velfrisert mens det var oppbevart i forsvaret
etter krigen, og ei rad dokument mangla. Så vart det oppdaga eit arkiv i
kjellaren på statsarkivet på Hamar. Her var det også mykje korrespondanse
mellom ulike NS-institusjonar. Materialet frå Wærnesutvalet si gransking av
befalet etter krigen vart også tilgjengeleg.

Resultatet Borgersrud fann av eit utval på 648 offiserar, var ein NS-prosent
sju gonger større enn hos resten av befolkninga. Men mest bråk vart det
etter avsløringa av tre offiserar som hadde skapt seg eit namn etter krigen,
Halvor Hanssen, Jens Henrik Nordlie og Rolf Rynning Eriksen. Dei to første
hadde vore medlemmer av NS tidleg på trettitalet, mens den siste melde seg
inn hausten 1940. Etter krigen hadde han stått sentralt i å byggje opp
Heimefrontmuseet. Dokument som viste at dei hadde vore med i NS, vart borte
etter krigen, men det lukkast å finne dei att.

- Nordlie og Eriksen hadde fått kontakt med Jens Chr. Hauge i 1942, og vart
etter kvart med som rådgivarar for hans Milorg. Etter at så store deler av
offiserskorpset var kompromittert, var dei kjærkomne når
forsvarsinstitusjonane skulle byggjast opp att etter krigen.

Di sterkare var raseriet frå offisersslektningane etter Borgersruds
avsløringar, som han la fram på eit historikarseminar i Bergen i 1998. Ein
av forskarane på Heimefrontmuseet, Frode Færøy, bad i ein artikkel i pressa
Riksarkivet om å gripe inn mot Borgersrud. Det skjedde. I eit brev frå
arkivet stod det at det Borgersrud var fråteken “allerede innvilgede” og
“eventuelle fremtidige” tilgjenge til arkivet. Det førde også til at
Universitetsforlagets bok I krigens kjølvann vart forseinka med halvanna år.

- Redaktøren av boka, Stein Ugelvik Larsen, hadde bedt meg skrive ein
artikkel, og det var materialet til denne artikkelen eg la fram i Bergen. Då
slektningane fekk greie på det, gjekk dei hardt på Universitetet i Bergen og
Universitetsforlaget for å få boka stogga.

Difor kom boka ut først på tampen av hundreårsskiftet, med Borgersruds
artikkel “Militære veivalg 1940-1945”. I mellomtida hadde Borgersrud anka
Riksarkivets avgjerd, og etter eit halvt år fekk han medhald i
Justisdepartementet.

- Grunnlaget for svartelistinga var at eg hadde gått ut over personvernet,
men eg fekk medhald i at personvernet ikkje kan nyttast til å dekke over at
personar av høg militær rang stod på fiendens side i krigen.

Saka var ein politisk repetisjon av det som hende 25 år før. Då var
hovudfagsstudent Borgersrud den første som viste at det i mellomkrigstida
hadde eksistert ein grunnslovstridig, hemmeleg militær organisasjon, og at
den stille mobiliseringa i 1940 hang saman med denne. Oppgåva vart
klausulert etter påtrykk, han fekk ikkje lov å publisere materialet.

- Eg vart kalla inn av den dåverande sjefen for Forsvarets Krigshistoriske
Avdeling, generalmajor Bjørn Chistophersen, som også var den dåverande
sjefen til Olav Riste og ein av dei mest sentrale i den militære krinsen
rundt Jens Christian Hauge. Eg hadde brukt arkivmateriale han meinte låg
under hans jurisdiksjon, og fekk beskjed om at dersom oppgåva ikkje vart
gjort utilgjengeleg, ville eg bli tiltalt etter militær strafferett.

- Går det an mot ein ikkje-militær?

- Det veit eg ikkje, seier Borgersrud.

Dette var elles før både Listesaka og Blindheim-saka, då den gamle major
Svein Blindheim vart dømd for å ha avslørt norsk spionasje mot Finland.
Ulovlege avsløringar kom det også i ei bok av den gamle
Morgenblad-redaktøren og etterretningsmannen Chr. Christensen (CC), men den
saka vart trekt attende. CC var også den argaste polemikaren mot Borgersrud,
som gav ut materiale frå den forbodne hovudoppgåva i tre bøker på Forlaget
Oktober under psevdonymet Ottar Strømme. Dei tre bøkene var Stille
mobilisering, Den hemmelige hæren og I tilfelle opprør. Etterpå skreiv
Borgersrud boka Unngå å irritere fienden under eige namn, og innhaldet i
desse bøkene er omarbeidd og utvida til Konspirasjon og kapitulasjon. Det
høyrer med at Borgersrud under namnet Strømme også gav ut første bind av Den
militære undersøkelseskommisjonen av 1946 i 1978. Alle innanfor lauget
visste kven “Strømme” var, men ingenting hende.

- Riksadvokat Dorenfeldts dagar var talde. Eg vart elles god ven med CC på
hans gamle dagar, seier Borgersrud. Men som historikar venta det han mange
års yrkesforbod.

- Sidan 1975 har eg søkt svært mange stillingar som vart lyste ut av til
dømes Riksarkivet eller andre institusjonar innanfor det området eg har
kompetanse i. Eg opplevde ikkje å få ein einaste jobbsøknad behandla, seier
Borgersrud, som no har tittelen dr. philos i moderne historie.
Doktoravhandlinga er Wollweber-organisasjonen i Norge, som i 1997 vart bok
med tittelen Nødvendig innsats (Universitetsforlaget), og som handla om
motstandsorganisasjonen som er betre kjend som Osvald-gruppa.

Det er eit stort historisk lerret Borgersrud brettar ut mellom 1814 og 1940
i Konspirasjon og kapitulasjon. Det offiserskorpset som først stod på
Danmarks side, stod under unionen på svenskekongens side. Så tidleg som i
1851, då thranittrørsla hadde vind i segla, kom dei første framlegga om å
gjere Hærens mobiliseringsvåpen ubrukelege, i tilfelle dei skulle komme i
urette hender. Dette skulle bli ein våpenteknisk gjengangar når
militærmaktas innretting mot den indre fienden skaut fart i første del av
1900-talet, etter at den revolusjonære bølgja rulla over Europa.

I 1922 kom Regler for oppsetning og anvendelse av sikkerhetsvakter,
ordensvern og jernbanevakter i tilfelle av uroligheter. Dette var starten på
det hemmelege regelverket som i 1938 førde til at delvis mobilisering vart
kombinert med stille mobilisering, som gjaldt då Tyskland overfall Norge.
Det påfølgjande militære og politiske kaoset dei avgjerande døgna etterpå,
kombinert med at mange av våpna var gjort ubrukelege, la mange stader
grunnen for eit militært nederlag utan kamp.

Sogene om våpenlagra som var ubrukelege fordi sluttstykke og
stemplingsfjører var skilde frå og lagra på annan stad, er like mange som
dei er groteske. Ein klassikar er korleis tyske troppar nedkjempa Hegra Fort
i Trøndelag med norske kanonar og norsk ammunisjon, etter at dei hadde funne
tennstempla og stempelfjørene til skytset.

- Dersom Norge før krigen hadde hatt eit verkeleg mobiliseringsforsvar mot
den ytre fienden, kva då?

- Så hadde Tyskland ikkje gått til eit slikt åtak. Det tyske overfallet var
planlagt i lang tid, men det var òg eit britisk/fransk åtak. Eit norsk
forsvar som hadde fortent namnet, hadde mobilisert lenge før 9. april. Hugs
at norsk nøytralitet var krenkt mange gonger etter krigsutbrotet i Europa,
seinast i februar og mars 1940. Det var Sovjetunionen dei var redde, den
einaste stormakta som aldri trua Norge. I Nord-Norge var det alt mobilisert
til krig hausten 1939.

Tapstala under felttoget i Norge var små samanlikna med andre land. Norske
militære tap var 850 døde, av dei gjekk 276 ned med panserskipa Norge og
Eidsvold. Felttoget til lands frå 9. april til 7. juni lands kosta med
nordmenn, tyskarar og andre til saman 2100 menneskeliv. Til samanlikning
omkom minst 15.000 russiske, jugoslaviske og andre krigsfangar i tyske
konsentrasjonsleirar i Norge under krigen.

- Det er eit kapittel det er skrive lite om. Det same gjeld dei kanskje over
100.000 sovjetiske soldatar som omkom under frigjeringa av Finnmark. Og kva
er skrive om det tyske styret under krigen, kva med økonomien? Når
historikarane snakkar om kor mykje som er skrive, så er det om den soga som
skal styrke det patriotiske sjølvmedvitet. Dette pregar også dei store verka
om Norgeshistoria som har kome ut på Aschehoug, Cappelen og Samlaget, der
fleire radikale historikarar er med på skjønnmålinga. Ingen av dei skriv om
dei vanskelege og kontroversielle sakene.

- I boka di kallar du øvstkommanderande Otto Ruge ein mytterist?

- Ein militær sjef som nektar å følgje ordre frå regjeringa, er etter norsk
forfatning ein mytterist. To gonger bad regjeringa han om å følgje med til
Storbritannia. Den neste store innsatsen hans etter det mislukka felttoget
var å syte for at offiserane skreiv under på æresord om ikkje å ta opp
vidare motstand. Når 4-5000 soldatar og offiserar som var internerte i
Sverige, vart sende heim til Norge, fekk dei valet mellom å skrive under på
æresordet, eller å bli arresterte når dei kom til jernbanestasjonen i
Halden, seier Borgersrud.

- Dette var dropen som fekk begeret til å flyte over for mange.
Yrkesoffiserane oppfatta dette som at krigen var slutt, regjeringa og Kongen
var avsett, og tyskarane hadde vunne krigen. Difor følgde dei Terbovens råd
og søkte seg nytt levebrød under okkupasjonsmakta, i politiet, i
Arbeidstenesta og så bortetter. Ikkje alle gjekk inn i NS. Men dette var
likevel årsaka til at så store deler av offiserskorpset var kompromittert.

Når ein ny forsvarskommando i 1942 skulle setjast opp i London, vart major
Wilhelm Hansteen henta inn.

- Han hadde vore militærattache i Helsinki under det tyske felttoget i
Norge, og hadde ikkje rokke å dumme seg ut. Vi må attende til 1814 for å
finne ei slik forfremming, seier Borgersrud.

- Oppløysinga av offiserskorpset var eit veritabelt jordskjelv, og er
fullstendig usynleggjort i den offisielle norske krigshistoria. Det heng
nøye saman med heile etterkrigsprosjektet til Arbeidarpartiet. Det vart bygd
opp institusjonar som skulle sikre kontroll med forsvarshistoria i samsvar
med den kalde krigens krav, og i pakt med den sosialdemokratiske
sjølvforståinga. Først når den historikargenerasjonen som gjorde karriere på
den kalde krigen, er borte, er det von om gjennombrot for ei ny forståing,
seier Lars Borgersrud.

© Dag og Tid



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:31 MET DST