Re: Porno på mobilen og breibandet

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Fri Aug 25 2000 - 15:59:49 MET DST


Bjarne Naerum wrote:
>
> Lars Staurset peker selvsagt her på noe vesentlig, men:
>
> >"Når mobilterminalene kommer vil de være på 24 timer i døgnet. Da kan
> >hvem som helst pushe ut hva som helst, sier Koksvik. Han tror porno- og
> >spillindustrien vil 'pushe ut junkmail' i form av masseutsendelser av
> >e-post."
>
> Husk tidligere innlegg her om nye (forslag til) lovforbud mot denslags.

Å vedta lover er ein ting, men å gjennomføre dei er noko anna, i ei tid
med "fri flyt" over alle grenser. Det vil alltid vere ei eller anna
kanaløy eller stillehavsøy som står utafor eventuelle internasjonale
avtalar og skaffar seg inntekter som hamn for lyssky aktivitetar, slikt
som politikarane i andre land forbyr for å tekkast veljarane, men som
næringsinteresser i dei same landa likevel er med på, med stillteiande
godkjenning frå dei same politikarane.

(Dette grensar også inn på ein annan diskusjon, den om gratis/fri
distribusjon av programvare og informasjon på nettet. MP3-nettstader vil
vel etter kvart hamne på små øystatar, og radikale debattlister på
Cuba?)

Dei av oss som har ein klistrelapp på postkassa, har merka at
reklamestraumen har minka. Dette er muleg fordi det finst ein vaken
opinion i eit lite, oversiktleg land, kombinert med at delar av bransjen
ikkje ser seg tent med å sende reklame til dei som ikkje vil ha han, og
som kan tenkjast å lage bråk. Andre distributørar enn Posten, f.eks.
abonnementsavisene, gjev blaffen, og utnyttar truleg situasjonen til å
tene litt ekstra.

Mot distribusjon på nettet blir forbrukarane/mottakarne nokså avmektige,
noko mange av oss alt har fått ein forsmak på. Televerka eller
formidlarane (postkontora) kan nok tilby ei viss siling ut frå innhald
eller andre kjenneteikn ved sendingane, men dette er vanskeleg, også om
ein ser bort frå kryptering. Dessutan vil dei tape inntekter på det.
Styresmaktene kan påby siling, men det reiser i tillegg problem i
forhold til ytringsfridommen. Brystkreft-saka har vel vore nemnt her på
forumet før; amerikanske styresmakter prøvde å sensurere vekk porno med
å søke etter ord som "breast", men råka også seriøse diskusjonsgrupper.
Å overvake nettet for å registrere meiningar og kriminelle planar, er i
så måte enklare, sidan det er ei passiv registrering som brukarane ikkje
merkar.

Eg synest dette er problematisk, og dersom mi meining hadde spela noka
rolle, er eg slett ikkje sikker på om det hadde vorte noka
breibandutbygging. Umts blir eg iallfall ikkje den første som skaffar
meg.

Berre så det er nemnt: Mykje av reklamen på dei nye netta blir nok meir
målretta enn slike masseutsendingar. Eit eksempel som har vore nemnt, er
med umts: Telefonen din ringjer når du nærmar deg ein butikk, og fortel
at der inne får du no tilbod på akkurat den boka eller sydenturen som du
ønskjer deg. Dette veit dei ut frå kjøpemønster eller spørsmål du har
stilt. Det er heller ikkje vanskeleg å tenkje seg at kjøleskåpet ringjer
og ber deg kjøpe mjølk, sidan du likevel er innom Rimi. Blir ikkje dette
festleg?

> Heldigvis blir det fortsatt (og enda flere?) valgmuligheter.
> I stedet for alt du IKKE vil ha, hvordan ser ØNSKELISTA di ut?

Eg ønskjer sjølvsagt alt som er sunt, positivt og oppbyggeleg ;-) , og
slikt kjem nok også på breibandnettet. Der blir det plass til ... det
meste.

God helg
Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:16 MET DST