Mennesket lever ikkje av software åleine.

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Sun Aug 13 2000 - 14:22:46 MET DST


Utrøyttelege Bjarne Nærum etterlyser meir debatt om ny teknologi. Han viser til to artiklar av På Steigan og ein av Trond Andresen. Andresens artikkel og like eins den siste av Steigan er etter mitt skjøn konkrete og vetuge. Den første Steigan-artikkelen er derimot i samsvar med synsmåtar han og parhesten Tron Øgrim har hevda i Klassekampen og ulike andre fôra i fleire år og med den svadaen Andresen hentar fram frå statsråd Grethe Knudsen. Om ein konstruktiv debatt skal førast, må deira hyllingsrop tonast ned. Resten av dette innlegget er eit forsøk på det.

1. No må venstresida på nettet

Dette gnålet møter me gong på gong frå parhestane Øgrim/Steigan. Men sjølvsagt er me på nettet. Sjølv driv eg mykje av mi politiske verksemd innafor og ut frå eit radikalt landbruksmiljø, altså i ei yrkesgruppe som av mange i dette samfunnet blir oppfatta som heller tilbakeståande. Ein kamerat min fekk sitt første modem i 1990. Då brukte han faksen for å formidle vidare tankar frå opposisjonsmiljø i Japan, India, Sveits, Chiapas, Baskarland osv. Eit par år etter kjøpte eg modem, slik at eg ikke var avhengig av faksane. Frå -94 har eg brukt internettet aktivt, henta stoff, spreidd stoff, kommunisert også vidare.
Det gjeld ikkje berre oss venstreekstremistar. Her ein dagen kom ei bondekone frå nabolaget innom for å diskutere noko som stod i Nationen. Eg stussa, for dagens post var ikkje komen. Ho hadde lese avisa på nettet.
Eg veit ikkje så mykje om korleis det er i andre politiske miljø, men all mi røynsle tyder på at gnålet om at no må folk på nettet, er førre tusenårs politikk.
Noko heilt anna er sjølvsagt å diskutere korleis me bruker den reiskapen nettet er, best råd. Då må ein skjøne at folk flest er oppegåande og ikkje tilbakeståande, heller ikkje når det gjeld data- og nettbruk.

2. Det største i historia?

Steigan skriv til dømes at ny teknikk "bærer bud om langt mer radikale og langt mer grenseprengende endringer av samfunnet enn noen gang før i historien". La oss sjå på nokre tidlegare endringar i historia som vart framdrivne av ny teknikk:
- ved overgangen frå eldre til yngre steinalder kom åkerbruk og husdyrhald. Det gjorde til dømes at folketalet på nokre tusen år vart 40 gonger større. (frå mellom 5 og 10 til mellom 200 og 400 millionar).
- med jernet kom ei ny dramatisk endring. Det endra samfunnsorganiseringa frå store grupper til smågrupper rundt handverkarane og gjorde jakt, jorddyrking og krig mange gonger meir effektiv.
- den industrielle revolusjonen frå sist på 1700-talet fleirdobla folketalet, skapte industristader og ein ny type byar og endra maktforholda frå føydalisme til kapitalisme.
Større enn alt dette? Det er menneskeleg å overdrive betydninga av det ein sjølv er oppteken av, men det må då vere måte på perspektivløyse.

3. Sosialisme?

Steigan skriv om piratkopiering av dataprogram: "Det vi ser er fødselsveene til en produksjonsmåte der bruksverdien og ikke bytteverdien står i sentrum." For han er det sosialismen som kjem. Akk ja, draumen om sosialisme og eit samfunn utan utbytting deler mange av oss. Det er berre det at mennesket lever ikkje åleine eller først og fremst av software. Det at eit vareslag eller endåtil eit produksjonsmiddel blir billig på grensa til gratis, har skjedd før, men det rokkar lite eller ikkje ved dei grunnleggjande samfunnsforholda.

4. Ytringsfridom?

Nettet er fritt, medan andre media er kontrollerte, heiter det. Endeleg er ytringsfridommen reell. Men stort sett har me ytringsfridom. Det er ikkje lenger 1700-tal. Sjølv har eg til dømes skrive nokre hundre lesarinnlegg i aviser gjennom åra. Somme av dei har vore temmeleg krasse og kritiske mot det samfunnet me lever i, men svært sjeldan har eg vorte refusert. Og i vårt land får endåtil Klassekampen, som har som uttrykt målsetjing å styrte dette samfunnet, pressestøtte. Argumentet er at me treng ei differensiert presse. Det finst land der det er annleis og der opposisjonelle tankar ikkje blir godtekne, men formell ytringsfridom er anno 2000 normalsituasjonen i vår del av verda og spreier seg.
Kvifor er det slik? Fordi herskarane har vorte meir opne for kritiske tankar? Nei, det er slik fordi herskarklassen har grepet om folks tankar i den grad at det er unødvendig å undertrykkje kritikk og innvendingar. Det skreller av likevel.
Slik også med nettet. Det kan og bør brukast for å undergrave det rotne samfunnet me lever i, men hovudtrekket er at dei herskande internett-tankane er den herskande klasses tankar. Dei har dei profesjonelle informatørane, den profesjonelle layouten, annonseringshøva og den overdøyvande ordflaumen. Opp mot det blir me andre, med eller utan eigne nettsider, bortgøymde amatørar.

5. Opprør?

Steigan eller Øgrim eller kanskje begge skriv om at når folk får lese om utbytting og urettvise på nettet, vil masseopprøra kome. Slik skulle eg òg ønske at det var, men dei tek dessverre feil igjen. La oss ta vårt land. Det er ikkje slik at når folk endeleg får greie på at Røkke og Stein Erik Hagen er milliardærar på vår kostnad, gjer dei opprør. Det er i staden slik at folk veit det. Det står endåtil i Aftenposten og Dagbladet at det er slik. Men folk gjer ikkje opprør likevel. Dei godtek klasseskilja.
Slik er det også i fattigare land. Folk kjenner utbyttinga på kroppen og veit så inderleg vel at det er eit system i meiningsløysa. Når dei ikkje eller i altfor liten grad gjer opprør, er det fordi dei ikkje er eller føler seg i stand til å skape alternativa.
Skal me få til opprør som fører til varige endringar, må me altså slite dei fram. Med å byggje opp eigen og andre sin sjølvtillit, med å utvikle truverdige alternativ og med å vise samanhengane i det destruktive samfunnet me lever i. Korkje med eller utan internett kjem det av seg sjølv.

Eg stoppar med dette. Truleg er det nok til å vise at for somme har data vorte religion og ikkje bruksreiskap. Om me skal få til ein konkret og fornuftig debatt på venstresida om data og databruk, må slike fantasiar ryddast unna.

  



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:12 MET DST