Re: Teknisk problem eller sensur?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 18 Aug 1998 15:51:16 +0200

Trond Andresen har svara meg i privat e-post, sjå nedafor. Normalt ville
eg ikkje ha sendt eit privat e-brev til forumet, men i dette tilfellet
viser teksten at brevet faktisk skulle dit. Sannsynlegvis har TA gløymt
å leggje inn rett mottakar før han trykte på "send".

Her er brevet frå TA:
>
> >Sigurd Lydersen har gjort meg merksam på at det siste innlegget mitt i
> >EU-debatten, innsendt måndag 17.8.98, berre er distribuert til
> >e-post-abonnentane. Det har ikkje kome på Veven.
> >
> >Eg ventar no at Trond Andresen gjer greie for at dette kjem av eit
> >teknisk problem, og ikkje av sensur, slik Lydersen trur.
> >
> >Lars Staurset
>
> En rein teknisk glipp. Det filter som blokkerer Lydersen på Veven, filterer
> også bort andre innlegg med ordet"Lydersen" i. Derfor ble Staursets innlegg
> blokkert. Jeg skal prøve å lage et mer intelligent filter.
>
> Når det gjelder tilfellet Lydersen, lar jeg blokaden fortsette inntil jeg
> får flere tilbakemeldinger. Jeg noterer meg at at ingen har reist innsigelser
> mot de kjøreregler for forumet som jeg la fram den 4. august, se
>
> http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250698/0250.html
>
> Trond Andresen
> administrator KK-forum

Svar:
Det er heilt uhøyrt at innlegg som inneheld bestemte ord, f.eks.
"Lydersen", blir blokkerte. Eg krev at denne blokkeringa blir oppheva
straks, ellers er det ikkje muleg å føre debatt her. Eg krev også at
administrator legg ut på Veven dei innlegga som no manglar der.

Lars Staurset