Re: Sigurd Lydersen, NKP og EU

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 12 Aug 1998 09:38:29 +0200

Sigurd Lydersen wrote:
> Marxist-leninisten Sigurd Lydersen er ikke mot den historiske utviklinga,
> nei.

Eg skulle ønskje SL ville lese meir enn ei setning av det eg skriv. La
oss ta dette i samanheng, og eg siterer frå nokre tidlegare innlegg:

LS:
> For kven er Noreg for lite? Kapitalen prøver å sprengje landegrensene,
> og er på offensiven. For oss andre er det i mange samanhengar ein fordel
> å ha grensene som eit vern om dei rettane vi har, fordi grensene faktisk
> gjer Noreg lite grann "mindre kapitalistisk". Eksempel: Med fri
> kapitalflyt over grensene kan rikfolk flytte formuen sin dit skattane og
> lønnene er lågast, så den trugar velferd og arbeidsplassar; fri flyt av
> mat og levande dyr over grensene skaper helsefare. I den grad vi greier
> å yte motstand mot dette, er vi eit eksempel for andre, også for folk i
> EU.

SL:
> Men dette er jo bare febrilske forsøk på å stoppe en utvikling som tvinger
> seg på.

LS:
> Sant nok, men er "utviklinga" noko som berre går av seg sjølv, eller
> finst det drivkrefter bakom? Er marxist-leninisten Sigurd Lydersen for
> eller mot denne utviklinga? Synest han det er heilt OK at Noreg blir
> meir og meir integrert i det imperialistiske EU?

og no sist SL:
> Marxist-leninisten Sigurd Lydersen er ikke mot den historiske utviklinga,
> nei. Marxismen-leninismen er nemlig ikke mot historien, den er et forsøk på
> å forstå den slik at man kan forholde seg rasjonelt til den, være med på å
> styre utviklinga.

SL nektar ikkje for det eg skriv om landegrensene og at kapitalen er på
offensiven. Han har ingen innvendingar mot å bli integrert i det
imperialistiske EU. Han ser ut til å meine at nettopp dette er den
"historiske utviklinga" som han er positiv til og vil vere med på å
styre. Sidan han kallar seg marxist-leninist, må eg gå ut frå at han
faktisk reknar Den europeiske unionen og resten av "globaliseringa" som
vegen til kommunismen, det store målet som glitrar i det fjerne.
EU-kommisjonen, Daimler-Benz og Matra får sikkert den store skjelven når
denne samanhengen går opp for dei.

Det same inntrykket får eg når SL skal definere ordet "progressiv":
> Forsøkvis kan jeg si det slik at en progressiv er en
> person som ikke er imot den historiske utviklinga, men forsøker å forstå
> historiens logikk for å kunne forholde seg mest mulig rasjonelt til den.

Nøkkelordet også her er "den historiske utviklinga", som tydelegvis går
på skjener urørde av menneskehand.

I forrige innlegg nemnde SL nokre positive sider han finn ved EU, og eg
svara:
> >For å få vere med på dette, er SL villig til å føre Noreg inn i ein
> >politisk, økonomisk og militær union som han sjølv karakteriserer som
> >imperialistisk; han vil valse ned det som endå finst av norsk
> >sjølvråderett, og som er i opposisjon til det "senkapitalistiske og
> >fascistoide" EU; og han vil bryte ned dei landegrensene som framleis
> >gjev velferdsstaten eit visst vern mot den internasjonale kapitalmakta.

Sidan SL no siterer dette utan kommentar, må eg gå ut frå at han ikkje
har innvendingar. Kan ein "marxist-leninist" heve seg til dei grader
over klassekampen?

> Nå som jeg har svart på alle dine spørmål, forventer jeg at Staurset
> vil vise hvordan Nei-Til EU-strategien progressivt kan forsvares, hvordan
> man møter den historiske utviklingen med den og legger grunnlag for en
> bærekraftig utvikling.

For meg er kampen mot EU/EØS ein forsvarskamp mot kapitalmakta, slik det
går fram ovafor. Den same kapitaloffensiven finn no nye instrument, som
MAI. Han går for seg over heile verda, og trugar levestandarden og etter
kvart sjølve livsmiljøet i alle avkrokar. (Dette burde forresten uroe
KK-forum mykje meir enn eit par uryddige debattantar; kvar blir det av
engasjementet?)

Å seie nei til EU er i seg sjølv ikkje nok til å få ei betre
samfunnsordning og ei berekraftig utvikling, men må vere del av ein
strategi mot slike mål, rett og slett fordi ei ja til EU er eit langt
steg galne vegen.

For resten av nei-sida er det nok på same måten; sjølv om ein har mange
ulike mål og ulik ordbruk, kan ein vere samd om å forsvare det ein har
mot noko som er verre. Dessverre er det altfor lite praktisk engasjement
mot dei mange små stega på EU-vegen.

> Hvis dere ikke kan det, men fortsatt av gammel vane
> velger å holde fast ved det gamle, da er dere ikke progressive, men like
> reaksjonære som andre antikommunistiske idealistiske bevegelser som har
> ridd Vesten i det 20. århundre.

Slike merkelappar er heilt uinteressante. Det er innhaldet i politikken
som tel, og eg kan ikkje sjå anna enn at SL med si "historiske
utvikling" hamnar på feil side i kampen mot kapitalmakta. At NKP ikkje
vil ha han som medlem, forstår eg betre etter kvart.

Lars Staurset