Tampen brenn?

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Fri, 3 Apr 1998 13:40:06 +0200 (MET DST)

Karsten Vedel Johansen sine skriftstykkje er mange, ordrike og særmerkte.
Det krev innsats og tid å feste så ein slik ordmasse til papiret. Men det
problemet er ikkje mitt. Det er eg glad for.

Gunnar Mjaaland spør KVJ om kva som er hans politiske praksis, eller om
han er ein rein betrevitande pratmakar. Eg synest spørsmålet er godt. Det
synest ikkje KVJ. Spørsmålet får han til å overgå seg sjølv i den edle
kunst å gå av skaftet.

Det skulle ikkje undre meg om KVJ si oppgåve er provokatøren si; avspore,
provosere fram, røykleggje det som er nødvendig og fornuftig.

Eg hevdar ikkje at han er står på noka lønningsliste. Det kan godt hende
at han brenn så sterkt for saka at han arbeider ulønna. Det er fullt
tenkjeleg.

Det som fekk meg på tanken var KVJ sine merkjelege skriveri om Jan
Guillou. Der røpa han faktisk flikar av kunnskap om og interesse for
eit emne; folk som samabeider fordekt med dei hemmelege tenestene;
det var ikkje berre den vanlege usamanhengande oppramsinga av
forfattarnamn og tilfeldige sitat som elles er eit gjennomgåande drag ved
KVJ sin enorme produksjon av ordbobler.

Ved nærare ettertanke trur eg KVJ sin kjensleladde prosa har ei tilsikta
oppgåve; hindre at dette forumet skal vere ein arena for fornuftige
debattar om ulike emne. Det gjer han ved å provosere fram tøvete og
meiningslause ordskifte og avleie andre ordskifte som er på sporet.

Mannen er ikkje ein gong erklært trotskist!

Finn Sindre Eliassen