Reform 97 og nye lærebøker

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 12 Mar 1998 08:44:27 +0100

"På teppet" i KK i går hadde eit spark til Reform 97 og til forlaga som
tente godt på å selje lærebøker i fjor.

Det er sikkert mykje å kritisere denne reforma for, men vi skal ikkje
gløyme hovudpersonane her: elevane har faktisk fått nye lærebøker, og
til dels svært gode bøker! Ikkje alle, rett nok; reforma gjeld i år
berre for kvart tredje årskull, men dei andre kjem med etter kvart.

Åttandeklassingen min har nyleg lært om antibiotikaresistente bakteriar.
Eg lurer på kor mange av KK-journalistane (enn sei
åttandeklasse-foreldra) som veit kva det er?

Lars Staurset