Nynorskklasse i Trondheim

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 26 Feb 1998 15:46:11 +0100

Eg arbeider for å få til ein klasse med nynorsk som opplæringsmål ved
Bispehaugen skule i Trondheim. Er det nokon her på KK-forum
som sjølv har eller kjenner nokon som har ungar (som skal byrja på skulen) i
Lade/Lilleby/Strindheim/Bispehaugen/Singsaker/Berg/ Kalvskinnet-området? Då
kan dei melda frå til meg. Det er informasjonsmøte om dette initiativet på
Bispehaugen skule måndag 2. mars klokka 19.30 (musikkrommet 4. høgda).
Læraren Hallvard Nilsen som har undervist nynorskklasse ved Sagene skule i
Oslo fortel og svarer på spørsmål.
Fram til idag har foreldre til 7 ungar skrive under på eit formelt krav
om nynorskklasse. Det trengst minst 10, og me arbeider vidare med dette
informasjonsmøtet og samtaler med foreldra.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41