RE: Ofre fiskeindustiren

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Thu, 19 Feb 1998 16:11:48 +-100

Hallo Svein Lund!

Godt å sjå at nokon les kommentarane vi sit her og finn på!

Eg vil freista klåra opp ei lita mistyding: Eg går ikkje inn for å ofra fiskeindustrien.

Om du les dei siste KK-artiklane om fiskerikrisa, er den politiske hovudmeldinga eit åtak på splitt-og-hersk-køyret, altså på utspela frå NNN og FNL. (Slik sett er det litt snodig å hevda at eg går "rett i fella".)

Kommentaren på side 2 onsdag handlar om litt andre ting. Han handlar om dei strategiske spørsmåla knytt til fiskeressursane i/utanfor Noreg. Og kjerna i min påstand er: *Innanfor* EØS og WTO er det KAN HENDA ikkje mogleg å berga både industri og kystflåte. Og så argumenterer eg for kvifor eg meiner dette kan vera situasjonen; argumenta er knytt til EUs reegelverk og kva som vil skje dersom ein gjev kapitalen fritt fram i næringa. Så tek eg til orde for at DERSOM ein IKKJE KAN ta omsyn til begge partane sine interesser, må råstoffmakt prioriterast.

Dette er ei analyse som ikkje er vanleg å halda fram. Men til dømes Peter Ørebech er ganske så samd, eg sjekka med han før eg skreiv. Når du les noko slikt kan du tenkja: "Dette var ein interessant påstand, men eg trur analysa er feil. Difor vil eg argumentera imot." Eller du kan tenkja: "Denne tosken vil leggja ned industrien."

Vil eg det? Nei, sjølvsagt skal vi satsa på både industri og fangst! I teksten står det:

"Sjølvsagt er det mogleg å halda liv i både kystfiske og industri. Dersom ein bryt ut av tvangstrøyene til EØS og WTO."

Dette må vel tolkast som ein heller skarp kritikk av EØS? Her står det ganske eksplisitt at strategien for Nord-Noreg (og Noreg) må vera å bryta ut av storkapitalen sine "frihandels"-tvangstrøyer. Der har både du og eg og Klassekampen meint lenge.

Men eg tek altså opp ei problemstilling til, i TILLEGG til å peika ut desse tvangstrøyene som hovudtrugsmål. Eg freistar ta opp kva alternativ som finst INNANFOR EØS/WTO, altså innanfor den handelspolitikken som Noreg kjem til å vera bunde av i overskodeleg framtid, uansett kor mykje KK skulle oppmoda heile fiskeribefolkninga av begge kjønn på sjø og land til å stå saman og styrke kampen mot EØS og EU. . Også innanfor EØS-råmene finst det politiske val, som til dømes Senterpartiet må ta. Og her hevdar eg altså at dersom ein gjev industrien det industrien vil ha (og må ha?), altså svekt råstoffmakt for fiskarane, risikerer ein KAN HENDA (som eg skriv) at EUs frie flyt syter for at vi ender opp med utkonkurrert industri OG utan lokal makt over råstoffet. Det er det verst tenkjelege, meiner eg. Om du meiner det vil vera betre å la internasjonal industrikapital "sikra arbeidsplassane og lokalsamfunna" gjennom å driva fangst og industri i Nord-Noreg så lenge dei finn dette lønsamt,
har vi grunnlag for ein interessant diskusjon. Det kan godt vera at eg tek feil, men hittil står eg på tanken om at det viktigaste er å halda storkapitalen lengst mogleg unna sjølve matfatet.

For å oppsummera: Eg tek ikkje til orde for å leggja ned industrien, eg tek til orde for å bryta ut av EØS og WTO. I tillegg peikar eg på at DERSOM "utviklinga" tvinger oss til å velgja, er råstoffet det primære og viktigaste. (Dette er altså snakk om eit val mellom døydeleg pest og dauden. Ikkje ein hyggeleg tanke, men ein mogleg tanke.)

Eg veit ikkje om det vart nok klårare av dette....:-) Men det var ein freistnad.

Beste helsing

Magnus E. Marsdal
KLASSEKAMPEN

Ofre fiskeindustrien for å berge Nord-Noreg? Klassekampen har gjennom tidene mange gonger utmerka seg ved å skjære gjennom alle borgarskapet sine forsøk på å sette arbeidsfolk opp mot kvarandre for sjølv å kunne herske i fred. Eg blei derfor sjokkert når avisa sin nyheitsredaktør Magnus Marsdal, etter forøvrig å ha skreve ein utmerka reportasje om fiskerikrisa i tirsdagsavisa, på onsdag går rett i fella og føreskriv medisinen: Vi må ofre fiskeindustrien for å sikre lokal råstoffmakt . Eg måtte lese det fire gonger for å sjå om det var rett, men den uhyrlige påstanden var til og med gjentatt i artikkelen. Vi har mange gonger sett at fiskarane sine organisasjonar har vist lita forståing for fiskeindustriarbeidarane sine kår , men sjølv ikkje der i garden kunne ein finne på noko slikt tøv . Marsdal si oppskrift er at fiskarane skal stå på kaia med mobiltelefon og selge fisken til Tyskland til god pris, medan norsk fiskeindustri skal gå dukken.
Da har vi kontroll over råstoffet og fiskarane kan få råd å fornye kystflåten . Eg finn ikkje ord! Om fiskeindustrien og alle kvinnearbeidsplassane der går dukken, kor mye liv vil det da vere igjen i kystsamfunna? Kvinneunderskotet er allereie formidabelt mange plassar på kysten, og om der ikkje skal vere anna igjen å leve av enn kontantstøtta og barnetrygda, kor mange kvinner blir det da igjen? Når vi ikkje har levedyktige kystsamfunn igjen, kordan skal vi da kunne forsvare retten til fisket? Rett nok seier Marsdal at det er EØS som har satt fiskerinæringa i denne situasjonen, men sidan vi ikkje kan gjøre noko med det, er det bedre å ofre fiskeindustrien. Det kallar eg verkelig perspektiv for ei avis som kallar seg revolusjonær!! I staden må svaret vere å oppmode heile fiskeribefolkninga av begge kjønn på sjø og land til å stå saman og styrke kampen mot EØS og EU. Eg ber Klassekampens redaktør og kvinnepolitiske leiar svare på om avisa står
inne for denne politikken. Med helsing Svein
(eks-fiskeindustriarbeidar som blei økologisk flyktning på vidda under førre fiskerikrisa)