Ofre fiskeindustrien?

Svein Lund (sveilund@online.no)
Wed, 18 Feb 1998 23:00:17 +0100

Ofre fiskeindustrien for å berge Nord-Noreg?

Klassekampen har gjennom tidene mange gonger utmerka seg ved å skjære
gjennom alle borgarskapet sine forsøk på å sette arbeidsfolk opp mot
kvarandre for sjølv å kunne herske i fred.
Eg blei derfor sjokkert når avisa sin nyheitsredaktør Magnus Marsdal, etter
forøvrig å ha skreve ein utmerka reportasje om fiskerikrisa i
tirsdagsavisa, på onsdag går rett i fella og føreskriv medisinen: Vi må
ofre fiskeindustrien for å sikre lokal råstoffmakt. Eg måtte lese det fire
gonger for å sjå om det var rett, men den uhyrlige påstanden var til og med
gjentatt i artikkelen. Vi har mange gonger sett at fiskarane sine
organisasjonar har vist lita forståing for fiskeindustriarbeidarane sine
kår, men sjølv ikkje der i garden kunne ein finne på noko slikt tøv.
Marsdal si oppskrift er at fiskarane skal stå på kaia med mobiltelefon og
selge fisken til Tyskland til god pris, medan norsk fiskeindustri skal gå
dukken. Da har vi kontroll over råstoffet og fiskarane kan få råd å fornye
kystflåten.
Eg finn ikkje ord! Om fiskeindustrien og alle kvinnearbeidsplassane der går
dukken, kor mye liv vil det da vere igjen i kystsamfunna? Kvinneunderskotet
er allereie formidabelt mange plassar på kysten, og om der ikkje skal vere
anna igjen å leve av enn kontantstøtta og barnetrygda, kor mange kvinner
blir det da igjen?
Når vi ikkje har levedyktige kystsamfunn igjen, kordan skal vi da kunne
forsvare retten til fisket?

Rett nok seier Marsdal at det er EØS som har satt fiskerinæringa i denne
situasjonen, men sidan vi ikkje kan gjøre noko med det, er det bedre å ofre
fiskeindustrien. Det kallar eg verkelig perspektiv for ei avis som kallar
seg revolusjonær!! I staden må svaret vere å oppmode heile
fiskeribefolkninga av begge kjønn på sjø og land til å stå saman og styrke
kampen mot EØS og EU.

Eg ber Klassekampens redaktør og kvinnepolitiske leiar svare på om avisa
står inne for denne politikken.

Med helsing
Svein Lund
(eks-fiskeindustriarbeidar som blei økologisk flyktning på vidda under
førre fiskerikrisa)