Det er litt av eit paradoks du tek opp. Før i tida var
abonnentregisteret så hemmeleg at ein skulle oppgje abonnentnr, ikkje
namn, når ein melde adresseendring pr. telefon. Dette i tilfelle SIPO
(POT) lytta. Dette var sjølvsagt tøvete, men ein kan bli nostalgisk ved
tanken ...
I
> så
> fall tror jeg ikke at jeg liker de nye friske kostene som nå feier
> støv i
> inngrodde kroker.
For orden skuld: Dette har pågått lenge, denne typen reklame kom også
under den gamle avisleiinga. Eg veit ikkje akkurat når linjeskiftet var,
men det er merkeleg at det har vore så totalt og så lite påakta.
Jeg kunne i uanstendighetens navn tenke meg et svar
> fra
> den ansvarlige for denne prostitusjonen,
Eg likar heller ikkje denne reklamen, men spar samanlikninga med
prostitusjon til noko som passar betre! Avisleiinga vil sjølvsagt svare
at dei må selje adresser for å få pengar i kassa, og spørje om vi heller
vil samle inn desse pengane. Eg har ikkje noko godt svar på det, har du?
Sjølvsagt ønskjer vi heller at Time averterer i avisa, det er mindre
påtrengande, men det er nettopp derfor dei har valt å gjere det på denne
måten.
og jeg ber om at dere
> øyeblikkelig
> sletter meg fra deres register slik at jeg slipper å motta senere
> reklamemateriell fra Nestle, Coca Cola, Ciba Geigy og andre
> frihetskjempere.
Mulege adressekjøparar vurderer sjølvsagt kven dei har med å gjere, og
sender reklame som dei trur passar for målgruppa. Lesarar av KK er
tydelegvis rekna som reiselystne, språkmektige og passeleg velståande,
men kanskje ikkje som store coladrikkarar. Salsavdelinga meiner at vi
toler reklame frå Time, men ikkje frå kva som helst anna (håpar eg).
Nestlé har sikkert meir å hente hos dei som les den andre KK (kvinnfolk
og klede).
Forslaget ditt om å få reservere seg mot reklame er godt, og eg melder
meg på. For dei som sel pilegrimsturar til Fridomsgudinna, er det berre
ein fordel å få luka ut kundar som likevel ikkje er interesserte.
>
> Følgende ble sendt til Klassekampen med håp om trykking, men ikke
> trykket
> av en av grunnene:
>
> a) Dårlig språk
> b) Uinteressant innhold
> c) KKs nye redaksjon er ikke åpen for kritikk
> d) Redaktøren mangler baller
>
> Årsaken til at KK ikke trykket innlegget kan selvfølgelig skyldes en
> kombinasjon av a) + b) eller eventuelt en nødvendig sammenheng mellom
> c) +
> d)
Årsaka kan sjølvsagt også vere at dei ikkje skjøna språket ditt; æøå-ane
er ikkje enkle å forstå... :-)
Lars Staurset