Clinton og Rytter Evensen

Finn Sindre Eliassen (finn@bethani.alesund.fylkesbibl.no)
Wed, 4 Feb 1998 16:52:43 +0100 (CET)

Eg reknar med at mange har lese lækjar Åsa Rytter
Evensen sine tankar i Dagbladet sist torsdag om Clintonskandalen.

At Rytter Evensen er på banen i denne saka er det definitive provet på at
det ikkje er politikk vi snakkar om, men snurrebassar.

Eller rettare, ein snurrebass.

Kjem det opp noko i den offentlege debatten som gjeld feltet nedanfor
beltespenna, så melder lækjar Rytter Evensen seg på. Det er like sikkert
som at president Clinton likar fellatio betre enn gamaldags knulling.

Og no kommenterer eksperten farsen i Washington på sin måte.

Ho forklarer at Clinton ikkje er kåt fordi han er president, men at han er
president fordi han er kåt. Eller meir vitskapleg formulert: Han er komen
i presidentstolen fordi han har spesielt mykje livskraft. Og då høyrer det
med at livskrafta - ein del av ho - finn utlaup som graskap på bortebane.

Slik er det med menn med makt, veit Rytter Evensen. Som tykkjest
meine at det er storveges saker. Om vi då ser vekk frå at den populære
presidenten gjorde seg skuldig i eit fagleg glepptak i valet av miss
Lewinski som medarbeidar. Han burde ha forstått at ho ikkje kunne halde
tett om arbeidet ho utførte i Kvitehuset.

Eit perspektiv som Rytter Evensen ikkje tek med, er det demokratiske
perspektivet. Folk med makt skal leve etter dei same etiske reglane som
folk flest. Dei siste 200 åra at har det ikkje vore offentleg aksept for
at herrane har rett til å forsyne seg fritt av kvinnfolka.

Skal ein finne verkelege rundbrennarar i posisjon, må ein tilbake til
slavesamfunn og føydale samfunnssystem med harem og slikt. Då var det
ope og akseptert at despoten hadde dusinvis av koner og elskerinner og
hundrevis av ungar.

Folk flest er skikkelege. Det veit slike som Clinton. Difor må han
og kompani lyge meir enn dei snakkar sant.

Eg vonar at Åsa Rytter Evensen sine refleksjonar ikkje er representative
for kvinnekjønnet. Men jaggu er eg i tvil etter å ha følgt med i skandalen
ein fjorten dagars tid.

Er refleksjonane representative, hastar det med å ta frå kvinnfolka
røysteretten.

Finn Sindre Eliassen