Clinton og damene

Finn Sindre Eliassen (finn@bethani.alesund.fylkesbibl.no)
Fri, 6 Feb 1998 14:04:57 +0100 (CET)

Eg reknar med at mange har lese lækjar Åsa Rytter
Evensen sine tankar i Dagbladet førre torsdagen om Clintonskandalen.

At Rytter Evensen er på banen i denne saka er det definitive provet på at
det ikkje primært er politikk vi snakkar om, men snurrebassar.

Eller rettare, snurrebassen til ein mektig mann.

Kjem det opp noko i den offentlege debatten som gjeld feltet nedanfor
beltespenna, så melder lækjar Rytter Evensen seg på. Det er like sikkert
som at president Clinton som det det synest, likar fellatio betre enn
gamaldags knulling.

Og no kommenterer eksperten farsen i Washington på sin uforliknelege måte.

Ho forklarer at Clinton ikkje er kåt fordi han er president, men at han er
president fordi han er kåt. Eller meir vitskapleg formulert: Han er komen
i presidentstolen fordi han har spesielt mykje livskraft. Og då høyrer det
med at livskrafta - ein del av ho - finn utlaup som graskap på bortebane.

Slik er det med menn med makt, veit Rytter Evensen. Som tykkjest
meine at det er storveges saker. Om vi då ser vekk frå at den populære
presidenten gjorde seg skuldig i eit fagleg glepptak i valet av miss
Lewinsky som medarbeidar nedantil. Han burde ha forstått at ho ikkje kunne
halde tett om arbeidet ho utførte i Kvitehuset.

Eit perspektiv som Rytter Evensen ikkje er sterk på, er det
demokratiske perspektivet. Folk med makt skal leve etter dei same etiske
reglane som folk flest. Dei siste 200 åra at har det ikkje vore offentleg
aksept i dei utvikla landa for at herrane har rett til å forsyne seg fritt
av kvinnfolka.

Skal ein finne dei verkelege rundbrennarane i posisjon, må ein tilbake
til slavesamfunn og føydale samfunnssystem med harem og slikt. Då var det
ope akseptert at despoten hadde dusinvis av koner og elskerinner og
hundrevis av ungar. Tilbake i tid, altså. Eller forflytte oss i rom.

Folk flest er skikkelege. Det veit slike som Clinton. Difor må han
og kompani lyge meir enn dei snakkar sant.

Eg vonar at Åsa Rytter Evensen sine refleksjonar ikkje er representative
for kvinnekjønnet. Men jaggu er eg i tvil etter å ha følgt med i skandalen
ei tre vekers tid.

Er refleksjonane til vår heimlege ekspert representative, hastar det med å
ta frå kvinnfolka røysteretten.

Finn Sindre Eliassen