Vidar Kleppe og kontantstxtta

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 03 Feb 1998 08:22:05 +0100

Dagsnytt melder i dag at Vidar Kleppe er mot at innvandrarar skal få
kontantstøtte, fordi desse kvinnene "går høygravide det meste av tiden"
(sitert etter minnet).

At noko slikt er biologisk umuleg, få så vere. Vi forstår jo kva Kleppe
meiner, sjølv om han overdriv; han held på med det vanlege
rasisme-spelet sitt, og vekkjer sjølvsagt allmenn avsky her på KK-forum.

Men gjer han det andre stader? May Helen Molvær Grimstad var også
intervjua i Dagsnytt. Det sterkaste ho fekk seg til å seie, var
"oppsiktsvekkande" og at det bryt med det FrP har sagt før. Kanskje ho
òg synest det er avskyeleg, men ho tok ikkje skarp avstand frå det.
Trass alt er KrF avhengig av FrP-støtte for å få i stand denne ordninga.

Sjølvsagt blir ikkje forslaget frå Kleppe vedteke, det er for grovt. Men
det går inn som ein del av spelet omkring kontantstøtta, og får
regjeringa sitt forslag (som skal leggast fram i dag) til å verke
moderat og fornuftig.

Det å nekte kontantstøtte til innvandrarar og rusmisbrukarar (det siste
har KrF-leiaren gått inn for) og redusere eventuell sosialstøtte til dei
som får kontantstøtte, kan ironisk nok føre til at ungar frå desse
gruppene kanskje får gå i barnehage, og det treng dei nok (om enn av
ulike grunnar). Om ikkje anna, viser dette kor lite gjennomtenkt heile
ordninga er.

Lars Staurset