RE: annerledes rickshaw?

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Sun, 1 Feb 1998 16:44:40 +-100

Om Bangladesh-reportasje:

Som privatperson, ikkje på vegne av avisa eller noko slikt, vil eg seia meg heilt samd i kritikken frå OTTAR-folka. Artikkelen har òg ført til reaksjonar her i redaksjonen, men ingen stor diskusjon, rett og slett fordi ingen meiner det var ein serleg bra tekst.

Kjære venar: Slike feilskjær (som eg *personleg* meiner dette var) er eit resultat av vår smule ressurskrise. Sidan Jon M tok over har EIN person laga Magasinet åleine! Med andre ord: Ho har gjort ein *megajobb* (før jobba det 4 folk i laurdagsredaksjonen!). Med den slags arbeidspress gjer vi ikkje alt rett her på huset, vi har rett og slett ikkje ressursar til alltid å finna bra nok løysingar.

Det er veldig bra at denne typen kritikk blir levert, fortsett med det! Men samstundes: Ha forståing for at avisa kjem til å vera tidvis LANGT frå perfekt i lang tid frametter.

Helsing

Magnus E. Marsdal