Verdikommisjonen

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 30 Jan 1998 16:19:08 +0100

Verdikommisjonen skal arbeide i tre år, blir det sagt. Det er pussig at
slike viktige spørsmål (for regjeringa) skal ta så lang tid. Hastar det
ikkje meir å få orden på verdiane våre???

I dei tre åra skal mange av KrF sine verdisaker konfronterast med
praktisk politikk. Det vil sikkert oppstå ein og annan ugrei situasjon
av det. Då kan det vere greitt å vise til at verdiar blir behandla i ein
eigen kommisjon, så det skal vi debattere når den er ferdig. Er det
ikkje fint at vi har ein slik kommisjon gåande??

Så skriv vi 2001, og kommisjonen legg fram innstillinga si, pussig nok
eit halvt år før stortingsvalet. Det blir ein offentleg debatt om
verdiar osv., som ikkje fører til noko som helst bortsett frå at KrF får
publisitet om programmet sitt. For eit samantreff!!!

Som Sture Hansen ville ha sagt det: "Tilfeldig? Neppe!"

God helg
Lars Staurset