Ali Mitchelet islam

Jostein Laugaland (Jostein.Laugaland@it.his.no)
Thu, 29 Jan 1998 10:30:21 GMT +1

Nå ser eg JM gir tilsvar til Dagbladet v/Benneche Osvold. Redaktøren
viser til ytringsfridomen. Men er han noko stø forsvar av demokrati
og ytring. Det seiest at han til og med vegrar seg for å påtala
fatwaen. Ytringsvegring er kamp mot ytringsfridom, og ikkje for.

Når JM gjer knefall mot Mekka får han truleg samansvorne mot ytring
som gjer knefall i andre himmelretningar. Eg må undrast
med Kubaisi ( boka De farlige menn Mullahane) kvifor islam vert rekna
så eksotisk av dei intellektuelle. Når norsk lekmannsrørsle
v/Misjonssambandet drøftar kvinnerøysting får vi klar tale. Når
elitegrupper som islam katolikkar, mosasisk trussamfunn plasserer
kvinner på galleriet høyrer vi lite. Elitegrupper har eliten respekt
for. Og islam gjer dei vel knebøy berre for tanken på polygami og
underkasting. Islam er då meir autoritært styrt enn norsk
lekmannsrørsle.

Nå er ikkje kamp for kvinnesrøysting i Misjonssambandet ein kam mot
fotfolket. Er ikkje slikt ein frigjeringskamp. Kvifor er det annleis
i islam. Her får immanane saman med norske aktivistar skapa inntrykk
av at kritikk av islam er kritikk mot fotfolket. Immanar er då av dei
mest durkdrivne skriftlærde i kamp for si makt. Når
ungdom som konverterer må flykta til andre byar på grunn av
forfølging er det eit svik å oppleva JM og co si manglande støtte.

Grunnfjellet i kristenfolket på Sørlandet og i Østfold har
framanfrykt , skreiv JM. Slik nemning høyrer med til det
arsenal av rasismestempel han rår over. Når radikale islamittar ytrar
sine antismetiiske slagord, lukkar han derimot øyrer. Best er det dei
teier, teie-kulturen er høgt verdsett.

JM kjempar så visst ikkje for noko ytringsfridom anna enn sin
eigen.

jostein laugaland
Jostein Laugaland , HiS Postboks 2557 Ullandhaug
4004 Stavanger
Tlf 51 83 10 16 email: jostein.laugaland@it.his.no
Fax 51 83 10 42