TRØ_TIL_FOR_KLASSEKAMPEN=21

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Wed, 28 Jan 1998 21:44:19 +-100

Hallo, kjære KK-Forum!

I tida frametter vil Klassekampens redaksjon driva eit offensivt arbeid for å utvida og utvikla vårt nettverk av hjelparar.

Dette femnar om:
-Kronikkskribentar
-"Åpent Forum"-kommentatorar (s.2)
-Spalter: Fagleg, kvinne, EU, og skule. Pluss vitskapspalte og språkspalte
-Folk som leverer lokale nyhendeartiklar og bilete
-Folk som leverer bakgrunnsartiklar
-Folk som leverer kulturmeldingar
-Omsetjarar (mest engelsk og svensk, men òg andre språk)
-Korrekturlesarar (bogmaal og norsk)
-Og sikkert andre ting eg ikkje kjem på nett no

I ei stund frametter er det eg som har ansvar for å utvikla nettverket vårt, og eg arbeider med dette på heiltid.

EG VIL GJERNE AT DU GJER NOKO AV FYLGJANDE:

-Melder deg til teneste innafor noko av det som er nevnt ovanfor
-Sender namn,tlf/epost på andre folk du trur kan bidra med noko
-Send inn framlegg til kronikkskribentar pg spaltistar
-Send ynskjeliste for kronikktema, debatttema, evt. andre emner du vil ha meir av i Klassekampen.

Vi treng all slags hjelp. Dersom du kan bruka to timar i månaden på å lesa korrektur eller omsetja tekst har du all grunn til å melda deg til teneste. Om 20 folk gjer det får vi frigjort 480 timar i året til å laga feite gravesaker, og det kan vi trenga!

Målet er å systematisera alle namn og idear vi får inn, og utnyttja dei mest mogleg effektivt. Det er òg planar om å oppretta ein "utvida redaksjon" på nettet (e-post-liste) slik at hjelparar kan oppretta kontakt seg imellom, men dette er berre på idestadiet og ingenting er fastlagt. Vi vil gjerne ha innspel om slike ting.

Til slutt nokre ord om kor viktig dette er: Økonomien til avisa er, som alltid, det som kallast anstrengt. Vi i redaksjonen er på langt nær nøgd med produktet vi leverer, vi har absolutt tenkt å utvikla og forbetra mange sider ved avisa. Men vi er heilt avhengige av hjelp og innsats utanfrå, det finst rett og slett ikkje pengar til å driva denne avisa med berre løna arbeidskraft. Kvar dag handlar dette om heilt konkrete spørsmål: Har vi tid til å omsetja den teksten?, får vi skrive ein kommentar om ditt og datt eller må vi bruka tida på korrektur i staden?, får vi dekt den og den konferansen eller hadde vi ikkje høyrt om han? osb. I sers mange slike konkrete saker kunne du eller ein annan KK-ven løyst problema våre, utan veldig stor innsats. Difor: Ta imot denne utfordinga, og send meg eit svar!

Klassekamp-helsing
MAGNUS E. MARSDAL