SV: SKRIVEKURS FOR KLASSEKAMPEN

Ottar Solberg (ottsolbe@online.no)
Mon, 26 Jan 1998 20:15:04 +0100

Mange i gang med å få til ei betre avis for distrikta. Det er bra og heilt
naudsynt.
Vi vil ha ei betre avis på mange måtar. Og KK har vorte betre.
Vi vil ha ei aktiv avis, ei avis folk treng og kan bruke. Men veit vi fult
og heil kva for ei avis det er?

Ein viktig måte å finne løysinga på problema med å få den avisa vi ynskjer,
er aktivt å selje avisa over heile landet. Vi oppnår då:
fleire får kjennskap til avisa, at ho finns, og kva ho er
vi møter nye folk, og fleire folk som kan seie oss noko
kva for ei avis dei vil ha, kva for ei avis dei treng.
Sjølv om eit slikt aktivt salg er heilt naudsynt for å få den avisa vi vil
ha, så er det sjølsagt at det også må anna organisering til, prioriteringar
og vilje og deltaking til frå den sentrale redaksjonen.

Ottar Solberg