Skrivekurs for Klassekampen

Svein Lund (sveilund@online.no)
Tue, 20 Jan 1998 21:45:42 +0100

SKRIVEKURS FOR KLASSEKAMPEN.

16.-18.1.98 arrangerte studieutvalet i AKP ein konferanse der eit av emnene
var avisskriving. Målet var å gi litt skolering og hjelp til folk som
gjerne vil skrive i Klassekampen og andre aviser, men som ikkje veit heilt
kordan dei skal komme igang.
Målet med kurset er at ikkje bare dei som deltok skal bli aktive
skribentar, men og at dette kan inspisere til at Klassekampens sine vener
rundt i landet set i gang liknande kurs. Derfor legg vi ut noko av stoffet
frå innleiingar og diskusjon her på KK-forum.

Helsing kursleiarane
Viktor.Stein@stud.jbi.hioslo.no
sveilund@online.no

Klassekampen - avisa for heile landet

Innleiing av Svein Lund på studiekonferanse i Oslo, 17.1.98

God dagen, godtfolk!
Eg må få lov å spørre dokker og meg sjølv: - Korfor i all verda står eg
her? Ikkje veit eg, men eg har ein mistanke om at nokon har ønska meg hit
fordi eg har forsøkt å gi ei skriftlig uttrykk i hovudstadspressa for nokre
av tankane til og livet til nokre av dei som ikkje så ofte kjem til orde i
hovudstaden sine organ.

Ingen ekspert.
Eg er ingen ekspert på journalistikk. Journalistutdanninga mi er eit
helgekurs for arbeiderkorrespondentar for 20 år sidan og eit helgeseminar
for KK-journalistar for 10 år sidan, samt 5 år som sekretær i ei
fagforening i fiskeindustrien. Ellers lir eg bare av uhelbredelig skrivekløe.

Eg er ingen ekspert på distrikts-Noreg. Eg er bare ein forvirra søring frå
ein større by i Telemark som pakka sekken og haika nordover for snart 25 år
sidan og aldri fann vegen tilbake, rett og slett fordi verda og livet var
så mye meir rikt og interessant der nord.

Rett å gjøre opprør
Denne bakgrunnen kombinert med ein marxistisk ungdomslærdom som sa at det
er rett å gjøre opprør har gjort at eg har klora meg fast i Klassens Avis
for å prøve å bruke avisa til å formidle noko av livet og meiningane til
folk i den såkalla utkanten, provinsen, gokk eller andre grisgrendte strøk,
de ytterste nøgne skjær og dalstroka innafor.

Revolusjon i mørketida?
Eg hugsar enno det første lille stykket eg skreiv. Det var vinteren
1973/74, første vinteren min nord for Polarsirkelen. Klassekampen var på
det allermest rrrrevolusjonære og ingen stilte spørsmålsteikn ved om avisa
skulle ha revolusjonær formålsparagraf eller ikkje. Ein journalist skreiv
då at det var like sikkert at revolusjonen kom som at sola sto opp kvar
morgon og gikk ned kvar kveld. På den tida hadde vi på våre breddegrader
ikkje sett sola på ein månads tid, så eg var slett ikkje så overbevist om
at dette var den beste samanlikninga å bruke, og eg skreiv ein kort sak der
eg spurte om revolusjonen bare var venta sør for Polarsirkelen der sola kom
opp og gikk ned kvar dag året rundt.
Det kom no på trykk, det var visst på TF-sida eller På teppet eller noko
slikt, men eg hadde fått noko på trykk i Klassens Avis og det var stort og
ga meirsmak.
Da eg her om dagen las det på nytt, slo det meg at eg allereie her hadde
starta på den raude tråden som eg har forsøkt å føre vidare og som gjør at
eg står her i dag. Eg konkluderte nemlig kritikken med: "Husk at
Klassekampen skal være ei avis for hele landet."

Frå starten i 1969 og godt ut på 80-talet hadde Klassekampen ei satsing på
distrikta som vi seinare bare har kunna drømme om.
- arbeidarkorrespondentane (unikt i norsk presse)
- lokalredaksjonar (også unikt i norsk presse)
- distriktsjournalistar (på det meste 3), dette er det no snart bare
Klassekampen av Oslo-avisene som IKKJE har.
Men det var heile tida politisk kamp om denne prioriteringa.
Da høgrebølgen skylla inn på 80-talet, blei arbeidarkorrespondentane skylla
ut av Klassekampen og erstatta med borgarlege film- og filosofisynsarar frå
Blindern. Distriktsjournalistane nytta ein høvet til å kvitte seg med i
første og beste økonomiske krise.
Klassekampen sitt farvel til arbeidarklassen og farvel til distrikta var to
sider av samme sak

Aksjon mot urban uforstand
Under Greenpeace og Sea Shepherd sine aksjonar mot sel- og kvalfangst
oppsto ein såkalla "Aksjon mot urban uforstand". Dette uttrykket har eg
adoptert tvert. Den urbane uforstand er noko som finst i alle urbane miljø,
det er naturverntanken hos dei som har mista kontakten med naturen, det er
eksotiseringa og klientifiseringa av dei som ikkje er moderne, urbane, in
og trendy. Det er eit miljø av departementsbyråkratar, såkalla byradikale,
data-jappar og ikkje minst hovudstadsjournalistar i Akersgata med
tilligende herligheter hvori opptatt store delar av Klassekampen frå ein
gong på 80-talet til hausten 1997.
I eit innlegg i fjor vår spurte eg om det var urban uforstand eller bevisst
sentraliseringspolitikk som lå bak redaksjonen sine prioriteringar. Eg er
redd svaret er ja, begge delar.

Vi er eksotiske
I samband med den urbane uforstanden må eg nemne at eg i mai i fjor var så
heldig å finne heimstaden min omtalt i Klassekampen, til og med som
overskrift. "Guovdageaidnu", sto det. Til og med riktig stava. Eg kasta meg
over artikkelen. Og trass i skarp konkurranse trur eg aldri KK har klart å
provosere meg så ettertrykkelig. Ein journalist sørfrå hadde vore i dette
eksotiske avkroken oppe på Finnmarksvidda og skildra sitt møte med den
eksotiske vidda og den eksotiske innfødte bussjåføren Mikkel.
Den første assosiasjonen som rann meg i hu var Mari Boine sin sang: "Mii
leat eksohtala=A2=A2at" - (Vi er eksotiske), ein sang om kordan det kjennes når
eit folk og ein kultur blir brukt som turistattraksjon.
Da fikk eg så overstadig lyst til å dra til Oslo og skrive reisereportasje
frå det eksotiske Oslo, fullt av neonlys og horestrøk og eksotiske
vestkantjappar og vanvittig eksotiske departementsbyråkratar. Med
merkelige farkostar i gatene som kallas for trikk og opptil fleire kinoar
ved sida av kvarandre og uteliggarar som søv i søppelkontainarane og
narkomane tiggarar i gatene. Det hadde vore skikkelig eksotisk, for vi har
ingen av delane i Guovdageaidnu, Kjøllefjord og Indre Billefjord. Med
unnatak for nokre russerhorer av og til, men det er da og det einaste
eksotiske vi har. Eg meiner alt det andre vi har er jo heilt normalt. For
oss.

Virkeligheita og uvirkeligheita
Avisa må ut i virkeligheita. Og journalistmiljøet i Oslo er ein bitte liten
del av virkeligheita i Noreg og ein veldig stor del av uvirkeligheita.
Virkeligheita er på Samvirkelaget i Øystese, tømmerhogst på Finnskogen,
filetfabrikken i Henningsvær og geriatrisk avdeling på Lier sjukehus.
Virkeligheita er nyttårsrevyen i Honningsvåg, bedehusbasaren i Finnøy og
konsert på asylmottaket i Salangen. Virkeligheita er vakker midnattsol over
nedbeita vidder og havblikk over svart hav mens fabrikktrålarane rasar
vidare. Osv, osb, mm.
Det er der vi skal vere.
Er vi ikkje der er Klassekampen og ein del av uvirkeligheita, av
borgarskapet sin altomfattande kamp for å framandgjøre arbeidsfolk frå sitt
eige. Dette var avisa i ferd med å bli.
Under ny leiing er Klassekampen på god veg tilbake til virkeligheita, men
vi har ikkje funne ei fast ordning for å sikre mikrofonar og følarar ute i
grasrøtene.

Kordan organisere arbeidet?
Vil du vere med å holde Klassekampen nært til grasrota, har eg bare eit
råd: Sett igang og skriv! Om mange fleire skriv, vil avisa få eit mye bedre
stofftilfang og kan etterkvart velge og vrake i interessant stoff. Ja, det
å vrake er ikkje minst viktig, alt er ikkje like godt, noko bør forbetras
og noko er både forfattar og avis best tjent med at ikkje kjem på i det heile.
Om la oss seie 2-3 personar i kvart fylke set igang og skriv så vil det
vere eit stort framsteg.
Det spontane er bra, og det skal vi gi plass til.
Men det er ikkje nok.
Det vil ikkje sikre at Klassekampen har eit grep om å dekke det som skjer
rundt i landet. Framleis kan svært viktige hendingar gå hus forbi, som at
avisa ikkje har skreve eit ord om verken nedlegginga av Sydvaranger eller
det australske skandaleselskapet som no vil starte opp igjen, eller om at
Statoil planlegg eit nytt gasskraftverk i Hammerfest. Eller forsøkt å
analysere den nye flyttestraumen frå Nord-Noreg. Resten av landet kunne
sikkert komme med liknande saker.

Eg meiner framleis det manglar ein del nytenking på kordan lage avis for
heile landet i 1998. Eg vil derfor forsøke å antyde ein alternativ modell
for å organisere avisa.

(Her skulle det vore ei teikning, men på KK-forum skal teksten vere i
txt.-format, og da er det verre. Grovt sett går det på desentralisering av
delar av redaksjonen slik at det er ein journalist i kvar landsdel, som ved
sida av skriving har ansvar for å få inn stoff frå landsdelen, frå
frilansarar, korrespondentar og folk som skriv frå sitt spesielle område.)

Dette avheng av:
1. Ein grundig politisk diskusjon om den økonomiske, politiske og
kulturelle sentraliseringspolitikken under kapitalismen generelt og i
dagens Noreg spesielt. Og om den ideoligiske innverknaden denne har hatt på
venstresida i ei kvar tolking av ordet.
2. Ein offensiv for å få folk til å skrive, som må innebære eit oppgjør med
den måten folk har blitt behandla på av tidligare redaksjonar.
3. Ei opprustning av journalistiske kunnskapar i distrikta og at ein finn
metodar for samarbeid der ein kan diskutere og korrigere. (I Finnmark
startar RV avisskrivekurs i mars.)
4. Ei vilje til omprioritering sentralt. (Om ein treng X antall
journalistar i Oslo for å skrive 95% av avisa, kor mange treng ein da om
40% av stoffet blir skreve rundt i landet?)

Alt for lenge har alt for mange latt seg narre til å tru at dette først og
fremst er eit spørsmål om økonomi. Det er det ikkje. Det er ein politisk,
ideologisk kamp. Vi som kjempar for KK som ei avis for heile landet har
hatt 10 år med tilbakeslag. Redaktørskiftet var første sigeren, og no har
vi fått meirsmak!

Derfor har vi frå Nord-Noreg (organet "nokon av oss har snakka saman")
bestemt oss for å starte landsdelsredaksjon og i løpet av eit par dagar er
brev på veg ut til eit 50-tals moglege skribentar av ymse slag nordpå.
Snart drar redaktøren nordover ein tur og det er bra, for der har vi knapt
sett nokon KK-redaktør før.

Ka kan ein skrive?
Ka kan ein distriktskorrespondent / arbeiderkorrespondent / frilansar /
distriktsjournalist eller hobbyskribent skrive?
Alt.
Det finst ikkje ein einaste sjanger i avisa som ikkje like godt kan skrivas
på i Trysil eller Mosjøen som i Grønlandsleiret, Oslo. Når eg no hadde
blitt bede om å seie noko om skriving frå distriktet prøvde eg å komme på
ka slags sjangrar eg har skreve og kom til at dei ca. 280 artiklane eg har
skreve har fordelt seg på dei aller fleste sjangrar. Eg vil gjerne seie
noko heilt kort om kvar av dei:

- debattinnlegg
- nyheitsmeldingar
- reportasjer (nyheitsreportasje etter bakgrunnsreportasje, "feature")
(folk sitt daglige liv er viktig og godt nok, det treng ikkje vere den
store sensasjonen. Gjerne seriar)
- avsløringar
(Graving over lengre tid, samle dokument for å slå til når tida er inne.
Dette har vore KKsitt varemerke, og no er det på tide å styrke denne sida
igjen.)
- portrettintervju
(dei fleste interessante folk bur utafor Oslo, og mange av dei kjem aldri
dit. Skrivas når du har god tid, du bør ikkje kjenne intervjuobjektet
altfor godt.)
- baksideartiklar ("petit")
(ofte noko av det lettaste å begynne med, dessutan noko av det som går mest
på tomgang ved å produseras i redaksjonen)
- leiarar
(Dei skal normalt bare skrivas i hovudredaksjonen, derfor må ein bruke eit
visst knep for å slippe til: skriv ein leiar slik du ønskar han, skriv til
redaktøren at du syns dei burde lage ein leiar om denne saka og at du har
skreve ned nokre moment som du syns dei godt kan ta med. Så får du sjå ka
som skjer. Denne virka før dei signerte leiarane kom, no må ein kanskje
finne nye knep.)
- På teppet
(avslør lokalavisa di)
- Film-, teater-, konsert-, festival-, utstilling- og bokmeldingar
(Det er lenge sidan Oslo hadde fleire teater enn resten av landet til saman.)
- Møtereferat,
f.eks. landsmøte i organisajonar, men skriv ikkje frå eit møte der du sjølv
er delegat!
- Kommentar
(Kan ofte kombineras med reportasje, i ein kommentar kan du få fram meir av
eigne meiningar, som du brenn etter å komme ut med etter å ha intervjua ein
masse folk du ikkje er samde med.)
- Kronikk
(Kan stå aleine eller kan skrivas etter ein reportasjeserie. Du kan og
bruke ting du har jobba med i politiske organisasjonar, fagforeningar,
gjennom studier eller jobb. Her er der større krav til å kjenne saka enn
til ein reportasje.)
- Sportsreferat
(Her må eg ile til og innrømme at bidraget mitt bare var ei reportasje frå
landskampen Sápmi - Åland, der nok det politiske overskygga det sportslige.)
- Vitskapsspalta
(Det næraste eg har kome er da eg jobba som mekanikar i fiskeindustrien og
skreiv om Baader 184, som ikkje var ein terrorist, men ein filetmaskin.)
- Utanriksreportasje
(Om du oppheld deg ei tid i utlandet, har du sikkert erfaringar å dele med
andre avislesarar. Korfor skriv ingen om kordan befolkninga på Kanariøyane
blir ramma av turismen?)

Kem skriv vi for?
Vi skriv BÅDE for dei som veit og for dei som ikkje veit. Om vi skriv ei
reportasje frå Guovdageaidnu, Skaland, Kinsarvik eller Bærum, så skal det
kunne lesas med utbytte både av dei som aldri har vore der og må hente
atlasen for å finne ut kor det ligg, og for dei som kjenner plassen som si
eiga bukselomme. Og utan at siste sit igjen med ein flau smak i kjeften og
sukkar: Ja, dei journalistane!!
Også for oss som skriv frå eige nærmiljø er det lett å glømme at ein del
ting må forklaras med teskjeier for publikum, men helst utan at publikum
ser det er teskjeier dei blir fora med. Ofte er det nok med nokre
bisetningar som fortel det "alle" veit, men der alle stort sett er avgrensa
til dei som les lokalavisa eller hører samme distriktsradioen.

La nokon lese
Eit lurt råd av gamal og tildels bitter erfaring: La alltid noko lese
gjennom det du skriv før du sender det frå deg. Det gjeld særlig om du har
vore på reportasje ein plass du ikkje kjenner så godt. Når du har intervjua
nokon bør du normalt la dei lese gjennom det før det går til avisa. På det
viser unngår du misforståingar og det du skriv står mye sterkare etterpå,
om f.eks. det intervjuobjekta seier skal brukas politisk på eit eller anna
vis.

********************************************
KORDAN SKRIVE AVISARTIKLAR?
I Viktor Stein si innleiing og diskusjonen blei bl.a. disse emnene tatt opp:
- Ka kjenneteiknar dei viktigaste sjangrane i ei avis?
- Kordan bygge opp ein nyheitsartikkel?
- Oppdeling av større artiklar
- Bruk av foto og bilettekstar
- Aktuell litteratur om journalistikk
- Overskrifter, mellomtitlar og ingress
- Offentligheitsloven, kordan få tak i informasjon frå offentlige styresmakter
- Kjeldekritikk
- Eksempel på dårlig og god skriving, oppsett og biletbruk
- Ønske om diskusjonsforum for skribentar på internett.

PRAKTISK SKRIVETRENING
Deltakarane valde seg kvar sitt emne som dei kunne tenke seg å skrive om,
og valde først sjanger for artikkelen sin (Skal det vere reportasje,
kronikk, petit osv.) Så byrja dei å skrive punkt til artikkelen,
disposisjon eller ingress, kor ein ville leite stoff, kem ein ville
intervjue, ka ein ville ta bilete av, osv. Nokre av deltakarane gikk saman
om ein ide, men andre fossa over av idear, så dei kunne presentere fleire
aleine.

Her kjem ei liste som viser ka som kom fram. Etter som mye av dette
forhåpentligvis kjem på trykk i tida framover, har vi her anonymisert
sakene slik at dei ikkje blir lagt fram like konkret her som på kurset.

1. Livstruande privatisering- Nyheitsreportasje
2. Nynazistisk aktivitet- Nyheitsreportasje
3. Nazist kasta ut av fagforening- Nyheitsartikkel
4. Konflikt oljeboring / fiske - Reportasje, kommentar
5. Krise i helsevesenet - Kronikk
6. Boligmarkedet - Bakside
7. Oppdragsforskning - Artikkel
8. Kunstutstilling - Forhåndsomtale
9. Glømt kulturminne - Reportasje

Nokre aktuelle bøker om journalistikk:
Karlsen, Jo Beck: Avisreportasjen
Karlsen, Jo Beck: Kultur-journalistikk
Karlsen, Jo Beck: Feature-reportasjen
Bakke, Audun:Kommunal journalistikk
Fossum, Egil: Er nå det så sikkert?
Löwenberg, Anders:Undersökande journalistik
Statens informasjonstjeneste: Pressepermen
Allern, Sigurd: Kildenes makt