SV:_SV:_Er_det_rart_de_ter_seg_som_de_gjør=3F

From: Ottar Korsnes (okorsnes@ha-nett.no)
Date: Fri Apr 20 2001 - 20:15:56 MET DST

  • Next message: Karsten Johansen: "fin fotballproff"

    "Det er interessant å leggje fram slike tal nettopp for å
    forstå kvifor desse journalistane "ter seg som de gjør".

    skriv Oddmund Garvik i samband med at Trond Andresen har lagt fram desse tala:

    > Gjennomsnittslønn for journalister i 2000:
    >
    > Dagens Næringsliv: 539.135 kroner.
    > VG: 519.675 kroner.
    > Dagbladet: 486.599 kroner.
    > TV2: 476.102 kroner.
    > P4: 435.491 kroner.
    > NRK: 341.460 kroner.

    Framleis sit eg her og undrast på korleis desse journalistane ter seg. No har eg skjøna at eg ikkje ter meg slik, sidan Trond heilt rett har kome fram til:
    "Ellers så er det jo voldsomme lønnsforskjeller på journalister. Jeg vil f.eks. tippe
    at du, Ottar, ikke tjener en halv million i året?".

    Trond har tidlegare skrive:
    "La meg legge til ut fra egne observasjoner: De godt betalte journalistene i
    de store mediene er opplyste og tolerante m.h.p. likestilling, seksuell
    legning, anti-rasisme. Men påfallende mange av dem er anti-solidariske, for
    private løsninger ("folk bør kunne kjøpe seg bedre helsetjenester og
    skoletilbud hvis de ønsker det", "jeg investerer i aksjefond for å sikre meg
    en god pensjonsalder"), mot regulering av spekulasjon og uhemmet kapitalisme
      ("vi kan takke dette systemet for vår velstand", "...disse museumsvokterne
    i SV"), og sjølsagt *for* EU-medlemsskap."

    Eg kan frå 25 års røynsle i medieverda fortelje at eg har møtt journalistar med god løn som har vore gode anti-rasistar, solidariske, kjempa for skule og sjukehus og vore aktive mot EU.

    Det merkelege er at somme trur at journalistar er slik, sosionomar er slik, lærarar er slik og kanskje er forskarar og samfunnsvitarar slik.

    Med helsing fra ein journalist som er solidarisk, antirasistisk og mot EU.

    Ottar Korsnes



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Apr 20 2001 - 21:16:27 MET DST