NUPI-Rapporten

From: Per I. Mathisen (Per.Inge.Mathisen@idi.ntnu.no)
Date: Thu Mar 29 2001 - 01:34:13 MET DST

  • Next message: maritimw: "Demonstrasjon i Oslo"

    Dag og Tid sin artikkeln om NUPI-rapporten. Finnes det noen svar på denne
    rapporten? Hvis ikke, burde noen sette seg ned å skrive et svar. Den
    kommer til å være viktig ammunisjon mot Attac og andre i tiden som kommer.

    Mvh,
    Per

    Fra http://www.dagogtid.no/arkiv/2001/12/global

    Verdshandel:
    – Globalisering minkar ulikskapen

    Har globaliseringa ført til større ulikskap i verdsøkonomien? Nei, tvert
    om, hevdar norske Nupi-forskarar.

    OTTAR FYLLINGSNES

    Dei siste åra har mange hevda at ulikskapen i verda har auka, og
    globaliseringa har fått skulda.

    – Det er feil å hevda at globaliseringa har ført til større ulikskap
    mellom land, seier prosjektleiar Arne Melchior. Han åtvarar mot å skapa
    røvarbilete som kan skada u-landa.

    Knuste mytar

    I rapporten «Globalisering og ulikhet. Verdens inntektsfordeling og
    levestandard 1960-1998» hevdar forskarane at i perioden frå 1960-åra og
    fram til 1998 skjedde det ein reduksjon i ulikskapen mellom land både når
    det gjeld inntekt og levekår.

    – Denne hovudkonklusjonen er det no relativt brei semje, sjølv om det
    framleis er ein viss diskusjon om datagrunnlag og målemetodar, seier Arne
    Melchior. Han har laga Nupi-rapporten saman med Kjetil Telle og Henrik
    Wiig ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt.

    – Før me publiserte rapporten, var det ei unison oppfatning at
    globaliseringa skaper ulikskap. Både internasjonale organisasjonar,
    rapportar frå WTO og folk på høgresida i politikken hevda det. I ettertid
    har somme vorte så provoserte av rapporten vår at dei har ymta frampå om
    at me skulle ha visse motiv for å leggja han fram, seier prosjektleiaren.

    Til nytte

    Han meiner at globaliseringa har vore særleg til nytte for dei u-landa som
    er mest integrerte i verdsøkonomien, som utviklingsland i Asia.

    – Der er veksten følgd av auka handel, seier Melchior.

    – Kan frihandelen fjerna ulikskap?

    – Det har me ikkje greidd ut i rapporten, men det finst andre som har
    forska på det og slått fast at økonomisk vekst og auka handel heng saman.
    Det inneber ikkje at det er ein mirakelkur å redusera handelshindringane.
    I asiatiske land med sterk vokster har proteksjonismen tidlegare vore
    sterk på eigne marknader. Det er ingen tvil om at handelen med andre land
    har vore viktig for veksten for landa i Aust-Asia. Somme trur at
    Verdshandelsorganisasjonen (WTO) har stått for ein sterk liberalisme i
    heile verdshandelen, men mange land har framleis høge handelsbarrierar. I
    Afrika har fleire land plikta seg overfor WTO til ikkje å ha tollsatsar
    som er mindre enn 74 prosent, men dei praktiserer 20 prosent. Det er med
    andre ord ikkje snakk om ultraliberalisme. Det er for lettvint å hevda at
    frihandelen har skulda for at det har gått dårleg i landa sør for Sahara.
    I staden kan ein peika på at desse landa er dårlegast integrert i
    handelen.

    FN tek feil

    FNs utviklingsprogram (UNDP) har medverka til å skapa eit bilete av at det
    har vorte meir ulikskap mellom landa dei siste tiåra.

    – Human Development Report (UNDP 1999) hevdar at inntektsskilnaden mellom
    rike og fattige land har auka kontinuerleg mot slutten av 1900-talet. I
    vår rapport hevdar me at UNDP brukar eit skeivt mål, og at likskapen
    mellom dei rike og fattige har vorte større sidan tidleg på 1960-åra. Men
    sjølv med det målet som UNDP brukar, har det vorte mindre ulikskap i
    1990-åra, hevdar dei norske forskarane.

    Dei meiner det er viktig å ta omsyn til både kjøpekraft og storleiken på
    landet når ein skal undersøkja globalisering og likskap.

    – Gjer ein ikkje det, finn ein stort sett at ulikskapen har auka mellom
    landa. Det er trass alt stor skilnad på om det skjer ei inntektsbetring i
    Kina med ein milliard menneske, eller om det skjer i eit land med ein
    million innbyggjarar.

    Utviklingsbrot

    UNDP har samanlikna inntektene til den femdelen av befolkninga i verda som
    bur i dei rikaste landa med inntektene til den femdelen som bur i dei
    fattigaste landa. UNDP meiner at dette forholdstalet auka frå 30:1 i 1960
    til 60:1 i 1990 og 74:1 i 1997. Dei norske forskarane viser til at UNDP
    opererer med forholdstalet 82:1 i 1995.

    – Med andre ord vart tendensen til auka ulikskap broten mellom 1995 og
    1997, men dette var ikkje nemnt av UNDP (1999), der globalisering og
    ulikskap var tema, påpeikar dei norske forskarane. Dei meiner at
    ulikskapen voks i 1985-93, men fall i perioden 1993-98, om ein brukar eit
    slikt mål som ikkje tek omsyn til kjøpekraft. Om ein justerer for
    prisskilnader, har den fattigaste femdelen teke innpå den rikaste femdelen
    i perioden frå slutten av 60-åra.

    – Forskinga tyder på at internasjonal ulikskap auka fram til 1960-åra, men
    at den langvarige trenden vart broten mot slutten av hundreåret. Ei viktig
    årsak til denne endringa er veksten i delar av Asia og spesielt Kina. Av
    di Kina er eit folkerikt land, påverkar det i høg grad den globale
    utviklinga.

    Bryt trenden

    Medan dei nyindstrialiserte landa i Aust- og Søraust-Asia har opplevd
    enorm økonomisk vekst og teke innpå dei rike landa, har Afrika sør for
    Sahara stagnert – spesielt etter 1980.

    – Skilnaden mellom dei aller rikaste og dei aller fattigaste landa har
    auka, uansett korleis ein målar det. Den aukande likskapen mellom landa
    skuldast at nærare 25 u-land har hatt like høg eller høgare økonomisk
    inntektsvekst per innbyggjar samanlikna med dei rikaste landa. Dette gjeld
    til dømes dei nyindustrialiserte landa, pluss Kina og Indonesia. India
    gjorde det dårleg fram til 80-åra, men sidan har situasjonen betra seg. I
    perioden frå 60-åra og fram til slutten av 90-åra, gjorde India det
    omtrent like bra som dei rike landa, seier prosjektleiar Arne Melchior.

    Ettersom historiske analysar viser at det fram til 1960-åra var ein jamn
    vekst i global inntektsulikskap, er resultata oppløftande ettersom dei
    viser at ein langvarig trend er broten, slår forskarane fast.

    Indre ulikskap

    Dei spør også kva som har skjedd med ulikskapen internt i dei enkelte
    land, og svarar at frå 1970-åra til 1990-åra har ulikskapen auka i om lag
    halvparten av landa, medan han er redusert i den andre halvparten.

    – Framleis er det minst ein milliard som lever i fattigdom, og dette har
    ikkje endra seg så mykje frå 1987 til 1997. Det er folk som har mindre enn
    ein kjøpejustert dollar per dag å leva for. Det er med andre ord nok å
    kjempa for, seier Melchior.

    Han viser til at det finst nokre få utrekningar som seier at dersom ein
    tek omsyn til indre ulikskap i landa, så har ulikskapen i verda auka, men
    han meiner det er for tidleg å seia om dette gjeld generelt.

    Institusjonell svikt

    I Vesten har gapet mellom utdanna og ufaglært arbeidskraft auka dei siste
    par tiåra.

    – Forskinga tyder på at globaliseringa har noko av skulda, men teknologisk
    endring er ei endå viktigare årsak. Globaliseringa aukar potensialet for
    teknologioverføring gjennom auka internasjonal handel og investering over
    landegrensene.

    Dersom landa til dømes har for svake institusjonar til å klara omstilling,
    kan dei også verta taparar i den globale konkurransen. Institusjonell
    svikt er ei mogeleg forklaring på at regionar som Afrika sør for Sahara og
    delar av Aust-Europa har hatt ei svak utvikling mot slutten av 1900-åra,
    meiner forskarane.

    Kinas fattige

    Kina er eit land som verkar sterkt inn på verdsgjennomsnittet. Dersom
    forskarane fjernar Kina frå sine data, har ikkje graden av global ulikskap
    mellom land endra seg frå 1965 til 1997. Forskarane meiner at utviklinga
    av intern ulikskap i Kina er av spesiell interesse, og spør seg om den
    store økonomiske veksten i Kina har kome dei fattige til gode.

    – Svaret er ja. Sjølv om ulikskapen i Kina har auka, viser fleire
    rapportar at veksten også har kome dei fattige til gode. Både i 80- og
    90-åra har dei fått ein monaleg inntektsvekst.

    Ammunisjon for Motattac

    Den norske NUPI-rapporten om globaliseringa er god ammunisjon for
    motstandarane av Attac.

    Det vert stadig referert til rapporten i avisartiklar.

    Like før Attac skulle ha sitt store møte i København den 1. mars, skreiv
    folketingsmedlem Jens Rohde (V) ein artikkel i Politiken. Han var ein av
    dei som tok initiativ til Motattac i Danmark og siterer flittig frå den
    norske rapporten.

    «Attac synes at have sammlet opbakning bag sit synspunkt om at ‘finansiel
    globalisering øger den økonomiske usikkerhed og den sociale ulighed’. Men
    det forholder sig stik modsat. Uligheden mellom verdens lande er faktisk
    blevet mindre siden 1960erne. Det påviser en rapport fra det norske
    udenrigspolitiske institut».

    Vrøvl

    Ei veke seinare gjekk leiaren i danske Venstre, Anders Fogh Rasmussen, til
    eit hardt åtak på Attac-rørsla i ein kronikk med tittelen «Globalisering
    gavner u-landene» i Politiken.

    – Det er absurd å smadra McDonald’s for å hjelpa u-landa. Det gjer ein
    derimot gjennom utvida frihandel og internasjonalt samarbeid, skreiv
    Venstre-leiaren.

    Han slår fast at velstanden i verda har vorte større, og ulikskapen har
    vorte mindre.

    Bevis på at det er slik, har han funne i NUPI-rapporten.

    – Frihandel er ein viktig føresetnad for globalisering. Frihandel vert
    ofte skulda for å skapa fattigdom i u-landa og arbeidsløyse i dei rike
    landa. Båe delar er noko forferdeleg vrøvl. Det er nemleg slik at
    frihandel skaper vekst og velstand i både dei rike og dei fattige landa,
    skriv den danske Venstre-leiaren.

    Norsk versjon

    Den 14. mars hadde NHO-direktør Kristian Skjølaas eit større innlegg i
    Dagens Næringsliv med tittelen «Attacs utopi».

    – Attac vil hindra den tredje verda frå å handla fritt med den rike verda,
    trass i at auka frihandel har vist seg å vera eit effektivt middel i
    kampen mot fattigdom, skriv NHO-direktøren – og viser til Nupi-rapporten.

    © Dag og Tid



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 29 2001 - 01:42:57 MET DST