Høgnorskdagar i Volda

Olav Torheim (otorheim@sn.no)
Wed, 13 May 1998 17:20:14 +0200 (MET DST)

Høgnorskdagar i Volda

Ørsta og Volda Målungdom arbeider for ei høgnorsk målreising. Me meiner at
bokmålet er eit norskdansk blandingsmål. Høgnorsken er det norskaste og det
mest einskaplege uttrykket for norske talemål. Vel du å skriva høgnorsk,
gjer du eit røynlegt val um å skriva norsk, og du fær eit nytt syn på
talemålet ditt og på dialektane kringum i landet. Dialektane vert ein
ressurs og ikkje ei avgrensing, slik som dei norskdanske gjer det til. Den
høgnorske einskapen syner deg samanhengen i dei norske dialektane. Det var
ein av Ivar Aasens kongstankar. Vil du læra meir um Aasen og forsvararane av
Aasen-synet,då må du koma til Volda 5-7 juni.

Tykkjer du me gjeng for langt? Meiner du at Aasen-normalen er steindaud og
at me gjer oss sjølv ei bjørnetenesta med å skriva høgnorsk ? Meiner du at
det er uråd å tala norskt mål etter ein standard eller at det ikkje å råd å
segja at det finst eit norskt mål eller at det norskdanske bokmålet er
norskt nok ? Anten du er samd i desse påstandane eller ikkje, fær du
garantert motbør. For me i Ørsta og Volda gjev oss ikkje utan kamp, endå um
det nok er mange kritikarar som meiner me gjer vel i å roa oss ned.

Me vil ha ei nasjonal målreising og eit sermerkt norsk mål. Kom og diskuter
med oss i Volda 5-7 juni. Det vil du ikkje angra på !

Meir informasjon um høgnorsken og målstoda m.m. finn du på heimesidone til
Ørsta og Volda Målungdom og heimesidone til Ivar Aasen- Sambandet
(http://sambandet.home.ml.org)

Å vera med på samlingi kostar kr 250 i deltakaravgift, dette dekkjer upphald
og mat. Kursstad er Raudekrosshuset i Volda. Yvernatting på Volda
Ungdomsskule. Til Volda kann ein koma seg både med buss (Norw-Way
Bussexpress) og med fly (Widerøe). Du kann melda deg på til NMU-kontoret
(tlf. 22 36 40 43) eller på internett til otorheim@sn.no. Vil du hava meir
informasjon um buss- og flyruter eller sjølve samlingi, ring Arne Holmin på
tlf 70 07 74 07.

Velkomen til oss i juni.

Programuppsett

Fredag

18.00. samling og samråding
18.30. Norsk Målsoga frå dei eldste tider fram til 1814 ved Terje Torgilstveit.
19.30. Ordskifte
20.00. Arne Holmin og Terje Torgilstveit. Serdrag i høgnorsken (Arne) og
samanheng med norrønt (Terje).
20.45. Ordskifte og avslutning

Laurdag

10.00. "I strid for norsk mål, målsoga frå 1814 og fram til i dag."
11.00. Ordskifte
12.30. Matykt
13.30. Vincent Eye Færavaag Eit nasjonalt målsyn.
14.30. Ordskifte
16.00. "Høgnorsksynet kontra folkemålslina. Frå talemålsromantikk til
medviti normalisering."
Innleidar : Håvard Tangen.
17.00.ordskifte

Sundag

10.00. Norsk Talemålsnormering. Kvifor ? Kann talemålsnormering løysa nokre
av dei vanskane norsken hev med å vinna umdøme ? Lars Bjarne Marøy
11.00 Ordskifte og avslutning.