Venstresida og Gohlam

Jostein Laugaland (Jostein.Laugaland@it.his.no)
Wed, 13 May 1998 10:19:00 GMT +1

> From: Jon Hareide Aarbakke <jha@computas.no>
> To: "'klassekampenforum'" <klassekampen-forum@aksess.no>
> Subject: Dagbladet
> Date: Wed, 13 May 1998 08:23:24 +0200

> er som kjent på Internett:
> http://www.dagbladet.no
>
Golham og venstresida.

Gohlam-saka bør vera ein lærepenge òg for venstresida som i desse
saker vel tenkjer revolusjonert: Det viktigste er å styrta
justismakta. Nå er det snart berre H og FRP igjen.

Stakkars Gohlam seier Aarbekke. Og det er mange det er synd på. Kva
med dei bustadlause som nå veks alarmerande i vestlege land. Eg
betalte 70 kr mnd for min hybel i Sorgenfriegate. (Er prisane nå
7000 i same Frognerstrøket?) Dei prisane eg nå ser må ekskludera
mange og skape store problem (består vestresida berre av pappaguttar
utan slik sut?). Kvifor brukar ikkje venstresida meir tid på dette?
Held utviklinga fram endar vi på 20-tallet. Ta eit titt på svensk TV
og sjå kva tempo "folkehemmet" vert nedbygt. Kvar vil det
"mångkulturelle" samfunn til frøkna i Mozaikk enda. Kan ikkje det
verta eit klassesamfunn noko drygare enn vårt sosialdemokrati?

Kor mykje midler er brukt på Gohlam i sakføring og etterforsking ?
Ein brøkdel av dette kunne sikra familien ein start i heimlandet. (50
000 i Ali M saka tilsvara 3årsløner for ein professor i Iran) Det er
ein illusjon å yta full individuell rettferd i desse saker. I
tvilstilfelle kan ein såleis i større grad visa ut. Dette i motsetnad
til straffesaker. Der snakkar vi om justismord, ikkje her. Det er
noko spinngale om dei som snakkar sant vert sporenstreks utvist ,
medan dei som snakkar usant blir. Til sist snakkar alle
usant, forståeleg nok.

På ein måte er Bondevik her modig. Han kunne enklare latt vera.
Aftab-familien henta han heim og besøkte med blomster. Her var òg
opplysningane omdiskutert.

Arbeidslause må òg leggja alle aktiva på bordet. Og så må du øyde
til raka fant før du vert sosialklient. Ikkje lysteleg det heller.
Sannhet kostar flesk (Omskriving av Garborg: Frihet kostar flesk )
Har du eigedom i utlandet, kan du enklare komme unna. Eg har
opplevd dei som ope skryt av korleis dei utnyttar systemet slik.
(snillisme?)

Systemet får du tydelegvis aldri rettferdig. Kamp for
rettferdig er mangslungen og venstresida må ikkje stelle seg slik at
Hagen vert meir truverdig. Ei eldre dame fortalde meg
nyleg at ho nå ville stemma Hagen. Gi meg gode argument for å
overtala henne mot.

Aktivistar må ta sjølvkritikk på korleis dei ofte
framstiller norsk kultur som ein Paradis og andre kulturar som
undermåls i utvisningssaker. Det finst sorger og i "det går så det
suser"-landet. Og det lever trass i alt over 1milliard mennesker i
urdu-kulturen. Der finst sikkert både glede og sorg der òg som her.
Eg ville ikkje reist til Pakistan, berre for å ha sagt det.

jostein laugaland

> :-)
>
> Når det gjelder den stakkars Gholamfamilien, så mener jeg at den burde
> få bli, of course, uansett hvor den egentlig kommer fra. Men jeg synes
> jo det er _interessant_ hvis staten kan bevise (kan den det?) at
> familien er pakistanere. Det ville også gjøre den sittende regjeringens
> snuoperasjon mer begripelig.
>
> Jon
>
Jostein Laugaland , HiS Postboks 2557 Ullandhaug
4004 Stavanger
Tlf 51 83 10 16 email: jostein.laugaland@it.his.no
Fax 51 83 10 42