YTRINGSFRIDOM

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 11 May 1998 16:24:30 +-200

Hallo!

Eg ser det er ordskifte om ytrningsfridom. Eg rekk ikkje lesa så mange av innlegga, men vil ytra nokre ord likevel. Eg er for ytringsfridom, også for nazistar.

Nils P stiller spørsmålet:

1) Er det riktig å aksjonere mot Nazister på nettet ?
(Bl.a. er Andresens fjerning av nazier en aksjon)

Dette vil eg svara definitivt JA på. Eg vil leggja til: Dette spørsmålet er symptomatisk for det eg meiner er ein elendig feil i ordskiftet om rasisme og ytringsfridom: Det er vanleg å IKKJE skilja mellom kva vi meiner skal vera FORBODE VED LOV og kva vi meiner det er rett å "aksjonera mot". Dette fører til ein umogleg debatt, for dette er to HEILT ulike spørsmål.

Det er listeadministratoren sin demokratiske RETT å kasta nazistar ut av KK-forum, på same vis som det er deira demokratiske RETT å senda nye innlegg under falsk navn, så får vi kasta dei ut på nytt. Å ynskja å forby slikt ved lov meiner eg er lett fascistoid, og noko venstresida skal vokta seg vel for. Vi må kunna trekkja eit MINIMUM av lærdom etter Sovjets og Kinas "kommunistiske" regimer.

Det er IKKJE eit demokratisk problem å ha nett-aksjonar mot nazistar, det ER eit demokratisk problem å gå inn for at statens valdsapparat skal setjast inn mot uynskja yttringar, også dei høgreekstreme. Det er etter mi meining venstresidas oppgåve å vera klår i desse spørsmåla, og forsvara ALLE YTRINGAR mot inngrep frå staten. (YTRING må her ikkje forvekslast med HANDLING, som til dømes å organisera nazibander som øver vald og terror. Slike organisasjonar skal vera forbode, inkludert flygeblada deira etc., meiner eg. Skiljet mellom ytring og handling er VIKTIG, og så finst det sjølvsagt ein debatt om gråsona, og den får vi ta.)

Vidare:

3) Kan vi som radikale i det hele tatt forsvare at nazistene har noe plass
på nettet ? (er den borgerlige rettigheten "ytringsfrihet" heva over
menneskeverdet til titusenvis av innvandra nordmenn?)

Dette meiner eg er flåsete, uprinsippiell argumentasjon. "Heva over menneskeverdet..." liksom. AKKURAT DEI SAME argumenta er det MOGLEG å hevda andsynes folk som støtta/stør Stalin, Pol Pot og andre despotiske leiarar med marxistisk kappe. Dersom det skal vera forbode å benekta Holocaust, lyt nok ein del av SUF ml og AKP ml si historieskriving om Stalin-epoken òg bli forbode! Mitt poeng er: Det SKAL vera lov å hevda både avvikande og avskyelege standpunkt, og ein kan ikkje diskutera dette prinsippet ved å slenga ut ord som "dei sprer møkka si", "avskyeleg menneskesyn" etc. Det er berre å spela på at vi er i stort fleirtal mot nazistane og slik sett slipp å argumentera.

NKU-mannen skreiv:

Ytringsfrihet er en illusjon i det kapitalistiske norske samfunnet og vil
fortsatt være det langt inn i det sosialistiske framtidssamfunnet. De som
besitter den politiske og økonomiske makta i samfunnet tillater den type
informasjon som tjener deres strategi.

Og han underteikna med
Tarald Braathen Ellingsen, Ungkommunist og tilhenger av sosialistisk sensur.

Sosialistisk sensur var akkurat det Stalin praktiserte og akkurat det som herskarane i Kina praktiserer i dag. Det ER sensur, men det er eigentleg ikkje sensur, for det er "SOSIALISTISK SENSUR", og dermed eigentleg MEIR demokratisk enn full ytringsfridom, som berre er ein borgarleg illusjon som kontrarevolusjonære element (nokre millionar opposisjonelle "sovjetmenneske" til dømes) misbruker for å "knusa sosialismen". Denne fascistoide forbods-tankegangen MÅ det då vera mogleg å rydda ut av den marxistiske tradisjonen! Det må då finnast GRENSER for å ikkje stola på folket, GRENSER for å satsa på at ein politisk elite skal velgja ut kva som er "passande" innslag i den "demokratiske" debatten, slik at folket slepp å høyra alt det ekle og reaksjonære. Frå NKU er slikt lite overraskande, kan henda, men ein hyggeleg maoist som Nils P bør tenkja ein gong til, etter mi ringe meining.

I tillegg til at eg er for demokrati, og såleis mot politisk sensur, er det slik at mitt HOVUDARGUMENT mot forbods-strategien er at eg ikkje trur han er effektiv antifascisme! Det er folket som må ta stilling til fascisme vs demokrati, difor må folk mobiliserast til politisk strid og til å ta sjølvstendige standpunkt., Det går ikkje an å satsa på at staten skal rydda opp for oss, vi har ikkje anna styrke enn den politiske styrken i det arbeidande folket. Og då er det IKKJE mykje hjelp i soveputeparagrafar i lovverket, ikkje ein gong om dei kombinerast med ein og annan sporadisk underskiftskampanje som "mobiliserer" for at paragraften skal handhevast. Ei verkeleg venstreside møter fascismen på flatmark, tak argumenta på alvor, og vinn oppslutnad i arbeidarklassen for seg, mot fascismen. (Dette tyder IKKJE at eg er for å laga debattmøter som hjelper nazistar ut av sin politiske isolasjon. Politisk isolasjon er BRA, så lenge den er tufta på folkemeininga. Juridiske forbod ovanfra er IKKJ
E bra, heller ikkje når dei er tufta på "fleirtalets syn". Demokratiet skal også vera til for midretalet, liksom.)

Nuvel. Eg skal få til ein kommentar i Klassekampen i anledning at Oslo RV nytter den varsla nazikonserten til å fremja krav om å forby nazistiske symbol. Tenk over saka og hald tastaturet klårt, så kan vi få dette ordskiftet inn i avisas spalter, KK-Forum er BRA, men ikkje NOK!

Magnus Marsdal