(Ny)nazistar og nasjonalisme

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sun, 10 May 1998 20:36:28 +0200

I eit innlegg om nazistisk ideologi skriv Nils P. L. Gjeseth at

"Nazistisk ideologi baserer seg på nasjonalisme."

Til dette har Karsten Vedel Johansen m.a. denne merknaden:

"Dette er en for enkel synsmåte. Det er farlig å gi nazistene gratispoeng ved
å omtale dem som "nasjonalister" som avisene nå gjør."

Her trur eg Vedel Johansen har eit godt poeng. Gjeseth referer til eit sentralt
dogme ikkje berre innanfor hovudstraumdraga i marxismen, men ogso i det
offisielle
borgarleg-godkjende historiesynet slik det mellom anna kjem til uttrykk i
lærebøker
i historie for den vidaregåande skulen. Som mangt anna kan dette
problematiserast
- slik målungdomen mellom anna gjer som grunnlag for "Ta flagget
tilbake"-aksjonen sin.

Ut over dette er det ogso andre sider ved denne etablerte læra som er
problematiske:

1) Det er ulike syn på korleis ein definerer ein nasjon. Nazistane sin
definisjon
bbyggjer på ei salig samanblanding av historisk-kulturelle element med
rasekriterie.
Andre nasjonssyn som byggjer på politisk-kulturelle element - og kanskje ein
dæsj
av subjektiv tilslutnad (vilje til å verja sjølvstende og norske
kulturtradisjonar)
treng jo slett ikkje ha med rasismen i synet sitt på nasjonen. Kven er det
som hindrar
oss i å definera nasjonen ope og inkluderande? Dersom me ikkje godtek
at nasjonen skal definerast med utgangspunkt med grunnlag i vulgære og
rasistiske
rasekriterie burde me avvisa nazistane sitt nasjonssyn - påstå at dei slett
ikkje
er nasjonalistar - berre ekle rasistar som prøver å kapra den positive
prestisjen
den nasjonale tradisjonen har i Noreg for å vinna legitimitet for nazismen.

2) Det er eit faktum at ei rad frigjeringsrørsler og framståande demokratar
anten definerer
seg som nasjonalistar eller vert/kan verta definerte som nasjonalistar
(Aasen t.d.).
Er det intellektuelt redeleg og ryddig å plassera desse under same
hovudkategori som
nazistane. Er det med andre ord berre ein gradsskilnad mellom Garborg og
Hitler - eller
mellom Sinn Fein og NSDAP?

Kampen om omgrepsbruken er ein del av den politiske kampen her som elles. Me
står oss best
i den politiske kampen imot alle variantar av fascisme dersom omgrepsbruken
vår verkar klårgjerande
og konsistent. For tida ynskjer dei sokalla urban-radikale, EU-tilhengjarane
og dei tonegjevande
innanfor pressa å innlema oss EU-motstandarar under kategorien nasjonalistar
saman med
det ytste høgre. Dei bør ikkje få lov til det - ein ideologi som byggjer på
raseherredøme, på ekspansjonisme
og okkupasjonsmakt - bygt på sosialdarwinisme nytta på statsnivå - står for
det stikk motsette av
vyrdnad for nasjonane. Korleis har det seg at me ikkje protesterer på at
tilhengjarar av
systematisk ekspansjonisme - i ein tradisjon der landssvik har vore sentral
- at me ikkje protesterer
imot at desse skal vera sterkare tilhengjarar av nasjonane og den folkelege
fridomen enn oss andre.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41