Riv Nidarosdomen!

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 7 May 1998 15:13:04 +0200

"Riv Nidarosdomen!" Dette står som fylgjetekst under Magne Haagen Flatval
sitt siste innlegg på
KK-forum - saman med ei nettadresse. Det er ikkje ukjend for meg at mange på
den sokalla venstresida
har eit heller tvilsamt forhold til historie og kulturarv, men dette må vel
vera ein (svært dårleg)
spøk??? Lat satanistpøbelen (dersom ein skal kalla desse skrudde ungdomane
det då) og ytre høgre elles
vera åleine om å gå inn for å øydeleggja kulturarven. Fjern slikt tøv frå
e-breva dine Magne eller
forsvar standpunktet! For du vil vel ikkje argumentera for retten til å
marknadsføra heilt vitlause
standpunkt berre som ein "spøk". Hadde du gjort det i eit privat humoristisk
e-brev hadde det vore noko anna.
Kva ville du ha sagt dersom det t.d. stod "ja til valdtekt", "tyn ein
arbeidar i dag" eller "bomb Castro"
under e-brev frå andre?

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41