Re: John Pilger om Kambodsja

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Fri, 24 Apr 1998 14:11:10 +0200 (MET DST)

Pilger:

> " 'It is my duty,' wrote the correspondent of The Times at the liberation
> of the Nazi death camp at Belsen, 'to describe something beyond the
> imagination of mankind.'

Eliassen:

Med denne retorisk dyktige innleiinga er Raude Khmer kopla til
nazi-Tyskland. Så får vi tenkje vårt.Men det er gale å samanlikne
politikarar i Den tredje verda med Adolf Hitler, anten det no er Pol Pot,
Saddam Hussein, eller Arafat for den sak skuld. Når det ofte vert gjort,
er grunnane - som i Pilgers tilfelle - polemiske.

Pilger:

> That was how I felt in the summer of 1979 when I arrived in Cambodia.

Altså vart Pilger frakta rundt i Kambodsja eit halvår etter den
vietnamesiske invasjonen. Han var neppe ikkje i Kambodsja i perioden då
Raude Khmer hadde makta i landet. Det betyr at Pilger ikkje har
førstehands kjennskap til kva som skjedde der. Spørsmålet er då kva
kjelder han byggjer på. Er det Jan Lacouture, Francois Ponchaud eller den
australske journalistkollegaen Wilfred Burchett? Den sist nemnde såg så
djupt i whiskyglaset at han med kvart såg mykje rart. Eg går ut frå at
Pilger ikkje byggjer berre på informasjon frå okkupantmakta sommaren 79.

Kva skil i prinsippet Pilgers okkupantmaktguida tur i Kambodsja sommaren
79 og tyske journalistar som gjesta austfronten i siste verdskrigen og
skreiv heim om sovjetrussiske overgrep mot eige folk?

Pilger:

> From that date, anybody who had owned them, anybody who had lived in a city
> or town, or anybody who knew or worked with foreigners was in mortal danger.

Eliassen:

Pilger var ikkje i Kambodsja sjølv i denne perioden. Det er greitt.
Spørsmålet er kven han byggjer på. Han er ein kjend journalist. Eg går ut
frå at også kjende journalistar brukar kjelder. Kanskje har han intervjua
flyktningar. Det er kjent at flyktningar er svært upålitelege vitne. I
regelen står dei i ein vanskeleg situasjon i det nye.

Pilger:

> Had the US and China allowed it, Cambodia's suffering could have stopped
> when the Vietnamese finally responded to years of Khmer Rouge attacks
> across their border and liberated the country in January 1979.

Eliassen:

"..liberated the country..."
Smak på dei orda.
Eg finn Pilger sitt syn opprørande og skadeleg.
DEt er opp til folket i Kambodsja å avgjere kven som skal sitje ved makta
der.
Det er opp til folket i einkvart land å avgjere det sjølv. Prinsippet om
nasjonal suverenitet og ikkje-innblanding i nasjonale forhold er
grunnleggande prinsipp i samkvemet mellom landa. Det er særskilt viktig
for små land å halde desse prinsippa i hevd.
Det er uhørt å omtale den vietnamesiske invasjonen i Kambodsja som ei
frigjering.
Vietnam som sjølv var utsett for grov aggresjon frå USA - og Frankrike og
Japan før det - hadde ingen rett til å invadere grannelandet. Det gjeld
utan omsyn til korleis ein vurderer Raude Khmer. Vietnam
hadde heller ikkje råd til å gjere det. Det var Sovjetunionen som stod bak
og betalte.
(Naturlegvis gjeld det same prinsippet i høve til Sovjetunionen sin
insvasjon i Afghanistan.)
Invasjonen var eit grovt brotsverk mot nasjonen. Framferda som
ansvarleg politikarar i Vietnam og Sovjetunionen gav ordre til overfor
folket i det hærtekne Kambodsja, var brotsmerk mot manneætta.

Skrivedrengar som Pilger spelar på dei same strengene som ein del
prosionistar når diskusjonen går om Palestina; dei same strengene som
okkupasjonssosialistar når dei forsvarte den sovjetiske invasjonen i
Afghanistan; dei same strengene som imperialistar og kolonialistar også
tidlegare brukte for å legitimere si høgverdige gjerning: Folk i Den
tredje verda er særskilt grumme og bestialske. Spesielt om dei kjem på
kollisjonskurs med stormaktene naturlegvis.

Og Raude Khmer sin sjølvstendige kurs smakte dei to dåverande supermaktene
dårleg. Det kunne også hende at andre folk fekk kveik derifrå. Kambodsja
laut stoggast.

Pilger sin okkupasjonprosa er - trur eg - formulert frå ein slag
venstreposisjon. Som kjent finst det sosialismer og marxismer til dei
fleste føremål.
Men alle desse marxismene er i Marx sin meining ideologiar.
Spark dei i koll!

Finn Sindre Eliassen