Re: skulk i nederland koster 370 kroner

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 24 Apr 1998 08:46:37 +0200

Magne Haagen Flatval wrote:
>
> Skoleskulk skal koste
> 370 kroner i Nederland
> Én dags skoleskulk skal heretter straffes med en bot på 100 gylden
> (omtrent 370 kroner) i Nederland. Ifølge
> kulturdepartementet i Haag har statssekretær for skolepolitikk, Tineke
> Netelenbos, bestemt seg for at dette er
> en passende straff.
>
> Og straffen rammer ikke bare barnas egne lommepenger. Foreldre som tar
> barna ut av skolen et par dager i forbindelse med ferier eller
> liknende,
> uten at dette på forhånd er avtalt med skolens ledelse, vil også bli
> nødt til å punge ut, sier talsmenn for departementet.

Skal vi tru dette, så har altså skulk vorte ei vare, og sjukemeldingar
har fått ein pris. Det er ikkje mange stader ein kan kjøpe seg fri;
elevane må vel gå til dokteren eller foreldra, og der vil det oppstå ein
slags marknad for sjukemeldingar.

Meldinga seier ikkje noko om korleis skulen skal drive inn pengane. Har
kulturdepartementet tenkt å gå på gata og knuse kneskåler? Eller hamnar
gjelda hos foreldra til sist? Det siste, og truleg også det første, vil
redusere marknadsprisen på sjukemelding heimafrå til nesten null. Her
gjeld det å ha is i magen!

Resultatet blir heilt sikkert at all skulk tek slutt, og seinare
forsking vil vise at dei elevane som er hanka inn på denne måten, sit
som tente lys i timane.

> heh..
> ..hadde det bare vært 1/4 :P

Det er ikkje lenge sidan 1. april. Lurer du oss, Magne, eller har nokon
lurt deg? :-)

Lars Staurset

P.S. Det neste blir vel at ein skal betale for å gå på skulen, ikkje for
å la det vere...