Re: Let's count bodies, Eliassen

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Wed, 22 Apr 1998 08:55:45 +0200 (MET DST)

Aarbakke skriv:

> Så kor mange liv har Pol Pot på samvitet, Eliassen?

Eliassen:

Talet på avrettingar etter at Lon Nol-regimet fall i 75, kan truleg
teljast i tusental. Talet på folk som døydde som følgje av amerikansk
aggresjon mot Kambodsja vert av Chomsky og andre stipulert til ein
million; av eit folk som talde 7-8 millionar.

Chomsky dreg parallellar mellom det som skjedde i Kambodsja i nemnde
periode og det som skjedde i Frankrike etter den tyske kapitulasjonen i
siste verdskrigen.
Også i Frankrike tok dei seg av mange av kollaboratørane og angjevarane på
sin eigen måte.
Men at kollabøratørar, profitørar og angjevarar vart avretta i Frankrike
og Kambodsja, betyr ikkje nødvendigvis at styresmaktene i dei to landa
stod bak avrettingane. Det kan godt hende at folk tok saka i eigne
hender. Det er ei problemstilling som krossfararane kan tenkje over i det
minste.

Aarbakke:

> Er Pol Pot eit offer for imperialismen?

Eliassen:

Det kambodsjanske folket er eit offer for imperialismen; amerikansk
krigføring med bombing og djevelskap som ikkje nokon vil hugse og
deretter ein vietnamesisk invasjon som dei offisielle demokratane jublar
over. Aarbakke masar om Pol Pot så ein skulle tru han har fått mannen på
hjernen.

Aarbakke:

> Er John Pilger _dupert_ til å tro at Pol Pot var en massemorder, er
> Pilger/Chomsky medløparar for "imperialismen"?

Eliassen:

Kvar trur John Pilger at Pol Pot var ein massemordar? Eg er interessert i
referansar her.

(John Pilger er ein av dei få kjende journalistane i vest
som har skrive om det amerikansk-støtta folkemordet i Timor.)

Men kva er det Aarbakke tillegg Chomsky? Kor vrøvlete går det an å bli?
Chomsky har skrive mykje nettopp for å avsløre
den massemediale løgnkampanjen mot Demokratisk Kampuchea, som Aarbakke og
andre ikkje gjennomskodar. Noko av det er tilgjengeleg
m.a. i Chomsky-arkivet på Internett. Skal eg nemne eit dokument, så får
det bli dette:

http://www.worldmedia.com/archive/articles/7706-distortions.html

Denne artikkelen talar for seg sjølv.
Les og lær!

Finn Sindre Eliassen