Kosovo: Valdelege samanstøytar i Mitrovica

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Sun Mar 19 2000 - 10:30:04 MET

  • Next message: Arne Eriksen: "re: Om stildebatten"

    Frå Libération: http://www.liberation.fr/kosovo/actu/20000316jeuh.html

    Som sagt er situasjonen vanskeleg i Kosovo. Me les dagleg rapportar om
    "etniske" konfliktar og samanstøytar. Når ingen vil fire, og når obskure
    krefter styrer maktspelet på båe sider, kan ein ikkje vente at
    situasjonen normaliserer seg.

    "Kosovo: Valdelege samanstøytar i Mitrovica
    Omlag femten serbarar såra i samanstøytar med franske soldatar.

    Av Didier FRANÇOIS - utsend medarbeidar i Mitrovica - torsdag 16. mars
    2000

    Med walkie-talkie i handa, omkrinsa av ein falanks av unge sportslege
    karar i treningstøy, står den rasande Vlado framom dei franske
    soldatane, urørlege i flaumen av skjellsord, ståande tett saman bak
    skjolda sine og med visira på hjelmane fulle av spyttklyser. Ropa
    eksploderer. «Forræderi! Forræderi!» Ølboksar sprett av pansringa på
    vognene som beskyttar ein trappeoppgang i ei blokk der ein gamal albanar
    har søkt ly. Serbarane skuldar den gamle mannen for å ha knivstukke ein
    av deira. Utan det minste prov. Fallskermjegerkompaniet kom i all hast,
    og redda mannen frå lynsjing i siste liten. Folkehopen som er samla på
    fortaua, forlangar «blod for blod». Nokre kvinner hissar opp ei lita
    gruppe av tenåringar med snauraka hovud, og med base-ballkøller.
    «Frankrike har lete oss i stikken, skrik ei lærarinne. Frankrike har i
    dag vist at det ikkje er betre enn Amerika.»

    Samanstøytane har fyrt opp dei nordlege bydelane i Mitrovica alt tidleg
    om morgonen. Etter samanbrotet i lange forhandlingar med representantar
    for dei serbiske nasjonalistane som held denne delen av byen, gav sjefen
    for den franske styrken i Kfor, general Pierre de Saqui de Sannes,
    grytidleg i går ordre om å rydde ei 200 meter brei sone rundt
    "Austbrua". Serbiske «sjølvforsvarsgrupper» har dei siste åtte månadane
    bygd opp ein illegal garde, som driv med identitetskontroll av dei som
    vil krysse elva Ibar, og som kjem frå den sørlege delen av byen med
    albansk fleirtal. Desse «bruvaktarane», som er svært godt organiserte,
    heile tida i kontakt med kvarandre ved hjelp av berbare radioar, meiner
    at dei er aleine om å kunne sikre tryggleiken til dei serbiske
    innbyggjarane, og dette på vilkår av med vald å forby all tilgang til
    bydelane deira for albanske familiar som blei jaga av dei paramilitære
    militsane under krigen.

    Utplasseringa av styrkar har aldri vore så imponerande. «Målet vårt er
    klårt," forklarar ein kaptein, "me vil opprette ei tryggjingssone der
    berre innbyggjarar som er registrerte på skikkeleg vis, har rett til å
    passere. Det er den einaste måten å unngå konfrontasjonar mellom dei to
    folkegruppene.» Straks dei første einingane kom til utkanten av
    Bosnianska Mala, ei relosjeringssone for albanarar og bosniarar, byrja
    dei militante serbiske nasjonalistane å kalle saman troppene sine.
    Ganske snart gjekk fleire hundre fiendtlege demonstrantar samla mot
    Kfor-soldatane, dei franske med forsterkingar frå den danske og
    italienske styrken. Samanstøyten var øyeblikkeleg. Steinkast blei svara
    med tåregassgranatar, øyredøyvande, lammande. «Femten serbarar er såra,
    deriblant to alvorleg, ei kvinne og ein mann, med føtene oppskårne av
    granatar, og som måtte amputerast», seier Dr Milan Ivanovic, ein av dei
    radikale leiarane i det serbiske nasjonalrådet. «Franskmennene oppførte
    seg som fascistar», seier han vidare. Ved sida av han står Vlado, ein av
    dei ansvarlege for tryggleiken for «bruvaktarane», og han legg til: «Me
    har alltid unngått problem med dei franske soldatane, men i dag er alt
    forandra. Det har runne for mykje blod.»

    Samanstøytane har blitt farleg mange i heile den nordlege delen av
    Mitrovica den siste månaden. To dagar
    etter rakettåttaket på ein buss med serbiske flyktningar, gjekk serbiske
    ekstremistar natta til 3. februar
    til åttak på albanske familiar som levde innesperra i nokre enklavar
    nord for Ibar. Åtte personar blei drepne og rundt 960 albanarar blei
    tvungne til å flykte mot sør. Den sivile administrasjonen til FN har
    bedt dei militære i Kfor å få i stand to vakta «tryggjingssoner» langs
    elva, slik at dei utviste familiane kan koma attende. Soldatane tok
    kontakt med sjefen for «bruvaktarane», Oliver Ivanovic, for å få mennene
    hans til å trekkje seg attende. Avslag. «Folka her har ikkje tillit til
    Nato når det gjeld å sikre tryggleiken, forklarer den serbiske leiaren,
    så vidt såra i hovudet under samanstøytane. Dersom me drar herifrå, vil
    dette området vera definitivt tapt, og me endar opp med å bli kasta ut
    av byen. Me forlangar makt, og vil halde på minst ei gruppe av
    observatørar på kvar av bruene. Eit psykologisk tiltak.»"

    Omsett frå fransk av Oddmund Garvik 19/03/00



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sun Mar 19 2000 - 10:37:02 MET