Re: Fra liste-administrator

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Fri Mar 10 2000 - 13:29:48 MET


Trond Andresen a écrit :
>
> Trude Koksvik Nilsen, Christian Jacobsen og mulige andre:
>
> La oss få en avklaring:
>
> (1) De som ønsker å fjerne Karsten Johansen fra dette forum, kan foreslå
> akkurat det. Slike forslag vil jeg bare ta alvorlig hvis de kommer i full
> åpenhet her på forumet, ikke til meg privat. Privat har jeg i skrivende
> stund mottatt ETT slikt forslag.

Eg har site på gjerdet i høve til denne latterlege "stildebatten"
utløyst av ei hovudfagsoppgåve, og nokre velplasserte kommentarar frå
m.a. Karsten Johansen. Det er tid for den årlege nedklippinga av
vinstokkar, og eg har opp etter øyro i all slags arbeid. Det er vel lik
eins for dei fleste, og om det ikkje skulle vera det, er verda så full
av saker og problem at det blir totalt meiningslaust å bruke tida si på
tåpelege metadebattar om "saklighet", "hersketeknikker" og annan
krimskrams.

I eit slikt perspektiv blir det like meiningslaust å skrive hovudoppgåve
på ei samanlikning av eit virtuelt debattforum for lækjarar og dette
politisk venstreradikale debattforumet som KK-forum er. Kva kan ei slik
studie få fram av vesentleg og interessant nytt? Og kva nytte kan slik
forsking ha i arbeidet for å forstå vesentlege ting i verda og i
naturen? Tener slik metaforsking framskrittet? Arbeidet for eit betre
samfunn?

For meg er slik "forsking" ei oppskrift på korleis ein kan halda fram
med å gå i ring, samstudes med at ein freistar å sjå intelligent ut.

Desse som "ikke orker å delta" i debatten, får heller berre lata vera!
Slik er det i dei fleste samanhengar - likar ein seg ikkje, tar ein
veska si med seg og går.

Det blir heile tida vist til ein slags "taus majoritet", som skulle
kjenne seg tilsidesett og såra over debattstilen. Om det finst noko
slikt må dei jaggu sjå til å koma ut or reira sine, og bli synlege!

Desse falske "demokratane" som ligg og gøymer seg, og skriv private
"krav" til listeadm., er ikkje verd kommentar ein gong...

Det kjem vel ikkje som noka overrasking at eg med dette protesterer på
det skarpaste mot ei eventuell utestenging av Karsten Johansen! Karsten
har kvalitetar som skribent og polemikar som eg og fleire andre ikkje
ville ha vore forutan her på forumet. Me er ikkje samde i eitt og alt,
men har vel ei felles grunnhaldning.

Liksom Karsten blir eg temmeleg oppgitt over den kapellanske stilen til
desse som knapt "orker" å ytre seg i redsle for å få motbør, eller i
redsle for ikkje å vera saklege nok, politisk "korrekte" nok, eller kva
det no enn er. Når dei same samstundes vil innføre sensur, og gjera
KK-forum til eit knirkande, tørt og akademisk jatteforum, legg dei opp
til å kvele den frie, mangfoldige, fargerike og levande politiske
debatten på venstresida. Får dei det som dei vil, er det berre å leggje
ned heile KK-forum. Eg for min del er heilt uinteressert i eit
moderert/sensurert/styrt debattforum!

Les historie, kapellanar! Studer debattstilen på venstresida i tidlegare
tider! Kom dykk ut i verda, og kikk litt på politiske debattforum i
andre land! Eg har sagt det før: I mitt eige land er politisk debatt
utan eksplosjonar og utblåsing med jamne mellomrom heilt utenkjeleg. Det
reinskar lufta, og det er kanskje dette de må få inn i skallen, i staden
for å sitje å ruge på syra, og bli fornærma om de blir hengt ut. Ein får
ingenting gratis. Kjem ein med kontroversielle påstandar, må ein berre
tåle at dei blir spikra på veggen. C'est la vie !

Nei til utestengjing! - Nei til sensur! - Ja til fri debatt! osb.
(Dette har sjølvsagt ingenting med "nordamerikanske idealer for
diskusjon på nettet" å gjera, slik nokre av kapellanane så pertentleg
ymtar frampå om...

Oddmund Garvik

-- 
"NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut
Echelon!"



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:32 MET