Stildebatt

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Mar 09 2000 - 16:03:40 MET


Dette er det første stildebatt-innlegget mitt på lenge, og det blir også
det siste på lenge. Eg har ikkje tenkt å bruke tida mi og dykkar på
dette.

Etter at eit par kranglefantar trekte seg frå KK-forum, er ikkje tonen
så aller verst her. Men det finst eit unntak: Karsten Johansen. Han
skriv bra saker innimellom, men når han har ei dårleg periode, må alle
som argumenterer mot han, rekne med å bli grovt æreskjelt. Av og til
kjem han også med uprovoserte oppgulp om namngjevne personar.

Karsten Johansen har oppført seg på denne måten så lenge har har vore på
forumet, trass i kritikk og påtale. Eg trur ikkje han kjem til å endre
seg, så eg foreslår at vi andre ignorerer han. Totalt og fullstendig.

Lars Staurset
(som no kjem til å få slengt ein del drit etter meg, men ikkje kjem til
å svare)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:31 MET