Re:_Miljø_og_skremselspropaganda_(Var:_Slik var februar)

From: \\yvind Seland (oyvind.seland@geofysikk.uio.no)
Date: Tue Mar 07 2000 - 10:12:53 MET


On Mon, 6 Mar 2000, Karsten Johansen wrote:

> At 16:19 06.03.00 +0100, Ottar Birkeland wrote:
> Birkeland kan slå seg
> sammen med Erling Fossen. Sammen kan de ta seg en tur til Mosambik og prøve
> å fortelle dem der om hva som er normalt. 29 grader i overflaten av Det
> Indiske Osean er det ihvertfall ikke.
>
> >Er det ingen som huskar Leif Justers "Mot norrrmalt!!"? Det er faktisk
> heilt >normalt at ein avvik frå normalen. ...
>
> Men er det "normalt" med ekstreme avvik hvert evige år, ja nesten hver evige
> dag? Man kan selvfølgelig definere "normalt" slik, men da må man ta med på
> kjøpet at alt blir normalt og det uvanlige en umulighet. For folk med
> ekstrem eksistensiell angst (trygghetsnarkomaner) er det kanskje en
> livsnødvendighet å tro det.
>
> Mange nordmenn synes å tro at det er slik, men de bor sjelden på Vestlandet
> eller i Nord-Norge. De sitter i Oslo-gryta og tror de er klokere enn hele
> verden. De bor ikke der hvor det er vær.

Problemet er berre at det er nettopp der det er vær som det også
er vanleg med store avvik. Eg trur Tafjord var nevnt eingong tidlegare.
Dei har kan hende ein middeltemperatur i januar og februar på 1-2
kuldegrader, men sidan dei ligg omkransa av høge fjell får dei
ofte dagar med kraftig føn, og temperaturen stig til 10-15 grader.

For Bergen har ein litt av den same effekten for nedbør.
Det har blitt meir regn i Bergen dei siste åra, akkurat som
ein venter utifrå klimamodellar. Problemet er berre
at nedbøren i Bergen varierer så mykje frå år til år,
at det er vanskeleg å fortelje om det er blitt uvanleg mykje.

Ellers når det gjeld Erling Fossen, har eg eit lite hjertesukk.
Nok eingong har dei fleste hengt seg opp i den natur(u)vitenskaplege
delen av boka hans, og ikkje den politiske. Det er sjølvsagt viktig
å ha grunnlaget i orden, men sjølv om modellane kunne fortalt oss at
det blir 3.1412596 grader varmare om 100 år dersom me ikkje gjer noko,
er det ingen automatikk i at ein skal reagere. Politikerar og byråkratar
har sannsynlegvis alt begynt på det neste steget i vurderinga,
og har stort sett fått vere i fred for journalistar:

Er det best å gå inn for ein kraftig reduksjon av drivhusgassar,
eller er det mest lønnsomt å reparere / forebygge dei skadene
som kjem i etterkant? Korleis verdisetter du plankeskuret i Bangladesh
opp mot strandeiendommen på Snarøen? Er me villige til å ta i mot
klimaflyktninger? osb......

Ja, kanskje me til og med får det betre? Kanskje blir det eit krav
frå stortingspolitikerane i eit fylke til klimaforsskerar at dei vil ha
eit langtidsvarsel for dei neste 100 år før dei vil ta standpunkt
til kva dei skal gjere? ;-)

Øyvind Seland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:28 MET