Slik var februar

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Mon Mar 06 2000 - 15:25:00 MET


Middeltemperaturen i februar var over normalen i heile landet. Det var
til dels store avvik frå normalen. Høgaste dagstemperatur 12,1 grader
vart målt i Tafjord 10. februar.

Månadsnedbøren var over normalen i store delar av landet, men under på
delar av Austlandet. Fleire meteorologiske stasjonar på Vestlandet fekk
fleire gonger så mykje nedbør som normalen, medan delar av Buskerud fekk
mindre enn 25 prosent av normalen, opplyser DNMI (Det norske
meteorologiske institutt).

Den normalen me samanliknar med er perioden 1961-90.

Gjennomsnittstemperaturen i februar var på Gardermoen minus 2,6 grader
(normalen er minus 7,1),

Blindern minus 0,5 (minus 4,0),
Kjevik pluss 2,0 (minus 1,8),
Sola pluss 3,9 (pluss 0,6),
Sauda pluss 1,1 (minus 1,7),
Bergen pluss 3,2 (pluss 1,5),
Værnes pluss 1,3 (minus 2,5),
Bodø pluss 0,3 (minus 2,0),
Langnes i Tromsø minus 2,8 (minus 3,7),

Vardø minus 3,7 (minus 5,4) og
Svalbard lufthamn Longyearbyen minus 11,1 (minus 16,2).

På Gardermoen blei det i februar målt 38 mm nedbør (normalen er 49),
Blindern 34 (36),
Kjevik 137 (80),
Sola 148 (66),
Sauda 428 (156),
Bergen 331 (152),
Værnes 77 (52),
Bodø 113 (64),
Langnes 120 (86),
Vardø 32 (41) og
Svalbard lufthamn seks millimeter (normalen er 18 millimeter),

opplyser DNMI.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:27 MET