Miljødemonstrasjon i Nantes

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Sun Feb 06 2000 - 21:03:26 MET


Over 20 000 menneske demonstrerte laurdag ettermiddag i Nantes,
hamneby på sørsida av Bretagne. Det var folk frå alle horisontar - folk
som arbeider på havet, militante og vanlege folk som slik samla seg
i tusental for å ta avstand frå oljesølet frå den havarerte tankaren
"Erika" og for å sørgja for at "dette aldri skjer om att".

Talet på demonstrantar frå heile kysten, men også frå innlandet i
Vest-Frankrike og frå Paris, var 18.000 i følgje politiet og over
40.000 etter arrangørane sine teljingar.

"Me er samla her i alt vårt mangfald, noko som aldri har skjedd før...
for å forlange vedtak og handlingar", ropar Nicolas Garnier i
høgtalaren - han driv eit "havsaltverk" på Noirmoutier, ei halvøy litt
lenger sør.

Det var fint vêr, og humøret var på topp. Demonstrantane ropa slagord
mot TotalFina, befraktaren av den forliste tankaren "Erika", som
spreidde tungolje langs heile den nordlege franske Atlanterhavskysten.

Det var delegasjonar frå alle stadene som har vore i media dei siste
åtte vekene - med Belle-Ile i spissen, som også bar banner og ropa
parolar mot oljeselskapet.

Miljø- og fagforeiningar fylgde deretter, og på enden av toget var det
fleire politiske parti. Stemninga var fredeleg, men bestemt. Heile
familiar var her, og innimellom alle "Gwen ha du" (bretonske flagg),
såg ein born som bar parolar.

Brått byrja den solidariske flokken og hoppe og danse til tonane av
"Tous ceux qui ne dansent pas ont des actions chez Total" (Alle dei som
ikkje dansar har aksjar i Total).

Det var eit svært fargerikt tog, fullt av kontrastar, og blandinga av
sjangrar skapte nokre artige effektar, som denne dama i mink som
marsjerte berre nokre steg framom ei naturvernforeining.

Alle var der: La Ligue des droits de l'homme kom med ein heil delegasjon
frå Paris. Og på slutten av toget, bak Alain Krivine og fleire andre
frå la Ligue communiste révolutionnaire (LCR), den siste parola: "Verda
er ikkje ei handelsvare".

Slike demonstrasjonar er oppløftande.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:17 MET